Siste 15 artiklar

Výtopna

tirsdag 28. september 2010

Det er dag 2 i Praha, og me lurar på kvar me skal ete. Som vanleg er Google ein nær ven, og svara kjem raskt; tradisjonelt tsjekkisk, japansk, middelhavsmat, japansk, kinesisk (som me glatt hoppa over) og den meir klassiske italienske.

YAAAAAAY!

Men, det var éin restaurant som fanga merksemda vår: Výtopna Railway Restaurant. Ikkje fordi me er frykteleg opptekne av tog, eller fordi «Výtopna» er eit kult ord, derimot fordi du på denne restauranten får all drikke servert via eit sirlig nett av modelltog der alle bord er ein eigen stasjon.

I should’ve taken left after Albuquerque…

Výtopna — som ser ut til å vere det tsjekkiske ordet for forbrenningstank — er tydelegvis éin av tre i sitt slag i Tsjekkia, dei andre i Brno og Orlova. I Praha finn du restauranten på Wenceslas Square, i etasjen over KFC.

Og teknikken bak er visstnok ikkje berre ein rein gimmick, men eit stort teknisk system som eg eigentleg gjerne skulle ha teke ein nærare kikk på. Eigarane er lidenskapelege modelltogbyggjarar, og har utvikla minitognettverk i mange år før dei no har teke den heilt ut i dette restaurantkonseptet.

HORY SHET! Maten — svinesteik i ein eller anna form for soppsaus, med friterte poteter — var ikkje kjempefantastisk, men me har heller ikkje så mykje å utsetje på den. Kelneren vår var heller dårleg i engelsk, utan at det treng å trekke noko særleg ned. Berre ver forberedt på det!

Desserten var heller ikkje til å kimse av. Eg tok ei eller anna form for mascarpone-iskrem-greie, og Trønderinna gjekk for ein omnssteikt brownie som faktisk var flytande inni. Digg!

På den andre sida, om du er ute etter ei kulinarisk orgasme, så er heller ikkje dette restauranten du går på først (i så fall, test heller biffen på Ambiente, OM NOM NOM). Men i forhold til premisset om AT DU FÅR DRIKKE SERVERT PÅ MODELLTOG, så var restauranten heilt perfekt.

I kombinasjon med den generelle tsjekkiske prisen på drikke vart det nok eit par fleire øl enn eg naudsynt hadde drukke på ein kva som helst anna restaurant, men eg haldt meg like vel i skinnet, som du kan sjå av denne videoen:

EIT TOG. SOM LEVERAR ØL. Kan ein be om meir (og ja, toget spora litt av av seg sjølv, slikt skjer)?

Výtopna er ikkje ein stad for ein romantisk middag, eller ei fancy gastronomisk oppleving, men det er sanneleg artig! Hadde restauranten levert maten på same måte hadde den vore ganske enkelt fantastisk, men det er sikkert fleire gode grunnar til at den ikkje gjorde det. Deriblant vekt, bakteriar og ganske enkelt det at det er vanskeleg å vokte seg mot uhell (som du óg kan sjå kan sjå eit av på videoen).

PS: Eg har i etterkant lest at restaurantens spare ribs er veldig gode, kanskje er det noko du kan teste om du dreg dit.

OMGBARBIE!

søndag 26. september 2010

Etter å ha kryssa Karlsbrua (Charles Bridge) på dag 1 i bohemens hovudstad, fann me ut at me óg måtte innom det gamle slottet, for å fullføre dei to viktigaste delane av Det Obligatoriske Turistopplegget i Praha.

Slottet er i den retninga! Slottet er i den retninga!

st. vitus cathedralPå innsida, som med sine 70000m2 faktisk er verdas største slott-kompleks, var blant anna St. Vitus-katedralen! Ei kjempekyrkje, som me gjekk litt raskt forbi, sidan me trass alt har sett andre gotiske katedralar andre stader i Europa. Fin var den dog, like vel.

Når eg tenkjer meg om, så burde me nok ha prøvd å få med oss glassmaleriet av Art Nouveau-grunnleggjaren Alphons Mucha, men det gjorde me då ikkje. Men, det såg iallfall kult ut på bileta (då me gjekk på Mucha-muséet dagen etter).

Legg óg merke til den oransje bilen, kollegaer av Trønderinna frå hennar dagar i den bergenske bygartnerbransjen!

Då me etter kvart bevegde oss ut av slottet, ut av hagen, og ut av det aller mest heilage av Turistopplegget, gjekk me inn på ein kafé i byrjinga av Gullgata. Det var der Trønderinna såg Skiltet:

Prague Toy Museum!

Ei utstilling tileigna Barbie sitt 50-årsjubileum! Var dette for godt til å vere sant? Personleg er eg ikkje kjempebegeistra for Barbie (O RLY?), så eg må innrømme at eg var litt skeptisk. Fordommane mine vart dog kraftig nedkjempa då eg såg ein modell av onkel Darth som vokta over nokre undersåttar.

Darth Vader - Prague Toy Museum — I find your lack of lego disturbing!

The first BarbieDet var dog ikkje dette me var her for (eller?). Då me var ferdig med det lettare latterlege antalet trapper opp til muséet møtte den første Barbien oss — den frå 1959, om du lurte.

Barbie er frontfiguren til heile Mattel-dukke-imperiet (for så vidt ikkje så ulikt onkel Darth og hans imperium), og har ein heil skare av familie, vener, kjæledyr, hus og køyretøy ho kan boltre seg med, rundt og i.

Som alle gode idéar er ho inspirert av ein tyskar — Lilli. Lilli er ein slags 50-talets Carrie Bradshaw, og er ei historie for seg sjølv, ei historie som ein heilt anna blogg enn min kan få lov til å ta for seg.

Barbie anno 1959 var ikkje blond, men det stoppa ho like vel ikkje frå å bli ein suksess frå tidleg av. Seinare har ho spreidd seg til alle verdas hjørner, i alle verdas former.

Litt skummelt er det jo, at ho er penare no enn ho var for 50 år sidan (sjølv om ho tydeleg var litt meir sassy på 50-talet). Det er garantert ein eller anna form for ofring av sjeler til skumle gudar med i biletet.

Blant anna har ho innteke skikkelsar som Lady Di, Marilyn Monroe, Spice Girls, Jackie O, alskens Disney-prinsesser og alt anna du kan kome på.

Av andre Mattel/Barbie-variantar eg beit meg merke i var Albert Einstein, som såg ut til å vere heller feilplassert i ei stor gruppe med brude-Barbiar. Den som kan kome på ein god årsak til plasseringa, ver vennleg å melde deg i kommentarfeltet.

E=mcHJÆLP!

Ellers — berre for å trekkje inn endå ein Star Wars-referanse — eksisterar det tydelegvis i verd av Star Wars-Barbiar som eg var heller lite informert om. Kanskje ikkje så rart når eg tenkjer meg om.

Star Wars Barbie — Prague

Marilyn Monroe var óg meir enn villig til å vise meg underskjørtet sitt der ho dansa side om side med Michael Jackson og Elvis Presley [sic], faktisk til dei grader at eg ein liten augneblink ikkje heilt fatta kvifor eg ikkje leikte med dukker sjølv.

Marilyn Monroe — Barbie — Happy Birthday, Mr. Tanketom

Det var då eg merka eit stikkande blikk i nakken. Eg snudde meg og stirra inn i ondskapens blå auger — Ken.

The Evil That Is Ken — I ate his liver with some fava beans and a nice Chianti…

*grøss*

Og alle var enig om at det var ein fin tur!

Mjau

fredag 24. september 2010

Taxi Driver at 70th & Broadway by aturkus
Taxi Driver at 70th & Broadway by aturkus via flickr-cc

Det er torsdag kveld (frå Praha), og eg og Trønderinna sit i ein taxi på veg til hotellet vårt.

Taxisjåføren vår er ein rund mann med ein aksent som gjer til at eg raskt plasserar han i koseleg, men ikkje-så-god-i-engelsk-kategorien. Han gir oss anbefalingar på kva me burde gjere i Praha i helga, og seier me er heldige at veret vert bra. Han håpar det held seg slik, sidan sonen hans skal gifte seg på laurdag!

Blant klassiske taxisjåfør-turist-samtale-emner er óg sjølvsagt restaurantanbefalingar, så me spør han. Han gir oss gatenamnet Vinohradska — der det visstnok skal vere mange gode restaurantar — og samtidig ei åtvaring:

Do not go to Chinese restaurants. Meat — no good — all surprise. They say chicken, I say: Mnjaao, cat.

Så moralen er: Om du stolar på taxisjåførar som ser ut som dei er glad i mat, ikkje reis på kinesisk restaurant i Praha!

Prahahahahahahaaaa!

fredag 24. september 2010

Prague Skyline by pavelm
Prague Skyline by pavelm, via flickr-cc fordi eg er lat

Eg er for augneblinken i Praha — Tsjekkia, og bohemenes hovudstad. Poenget er ferie (sidan me studentar er nøydd til å arbeide om sumaren), og avslapning frå hektiske studie- og studentradiodagar.

Skal prøve å blogge litt her og der frå turen, og dei ulike tinga eg finn på. Som ein teaser kan eg nevne taxisjåførars forhold til kinesiske restaurantar, og ei oppglødd Trønderinne som plutseleg finn eit leiketøy/Barbie-museum i den gamle delen av Praha!

Na shledanou!

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon