Tanketom.net
Om meg
Eg er Andreas, ein 19 20 år gammal eksil-bergenser, som no har flytta heim til fødebyen. Har alltid rekna meg sjølv som ein slags bergensar, men 12 år i Sogn og Fjordane gjer litt med deg. Tanketom (helst med to små t-ar) er nicket eg foretrekk å bruke på internett.
Ved sidan av webdesignet og generelt kreativt arbeid, studerar eg Samanliknande Politikk ved Universitetet i Bergen. Eg er óg å finne i programmet Kinosyndromet kvar torsdag på Studentradioen i Bergen.
Med unntak av på “Høyden”, er eg å få tak i på mailen min: tanketom(alfabøll)gmail.com. (alfabøll) skal sjølvsagt erstattast med ein @. Eg er ellers å finne på diverse sosiale nettverk rundt om kring. Eg er å finne på Facebook, Twitter og Flickr, og i tillegg dei norske variantane Underskog, Origo og Nettby. Eit søk på “tanketom” vil stort sett gi resultater som resulterar i meg.
Om tanketom.net
Tanketom.net er min eigen blogg/galleri-side der eg legg ut tankar og meiningar om litt av kvart forskjellig. Hovudsakleg fell dette inn i rammene “media” og/eller “nerding”, men det får du berre leve med. I tillegg til tanketom.net er eg nyheitsredaktør i Kreativia, og tidvis gjestebloggar hjå NRKbeta.
Domenet tanketom.net blei kjøpt den 29.04.2006 og har omtrent vore i bruk samanhengande sidan det. Med untak av ein kritisk feil der eg sletta det som var av artiklar på sida mi (utan backup sjølvsagt), har det vore gjennomgåande samanhengande sidan starten.
Dei to designa, “Lampe 1.0″ og “Lampe 2.0″, er sjølvlaga og det meste av CSS og XHTML har eg skrive sjølv (Unntaket er enkelte ting som kjem med Wordpress som det ikkje er vits å forandre, eller diverse innstikk).
Nettsida blir drifta med Wordpress, som foreløbig er den enklaste og beste bloggeplattformen eg har støytt borti.
Dei forskjellige innstikka (plugins) eg brukar er:
- Akismet
- Har foreløbig fanga over 1400 spammeldingar for meg (følgjer med Wordpress)
- Crossroads
- Veldig enkel Flickr-integrering til nettsida mi sitt galleri
- Get Recent Comments
- Hentar, blant mykje anna, opp dei siste kommentarane som er gjort på sida di. Har t.d. støtte for trackbacks og Gravatars
- runPHP
- Let deg skrive og køyre PHP i sider og artiklar, noko du vanlegvis ikkje kunne ha gjort.
- WP-RSSImport
- Importerar t.d. RSS-feeden du ser under “Siste Linkdump” og alle RSS-feeds på “Lenkjer”-sida mi
- Dofollow
- Tek vekk Nofollow-linkane i kommentarane mine
- Similar Posts
- Listar opp “Liknande artiklar” etter sakene mine med varierande suksess