YouTube oppkjøpt av Google

Og då var det avgjort! Etter at ryktene dukka opp tidlegare i veka, er det no sikkert som banken (ikkje NOKAS btw) at YouTube er oppkjøpt. Og prisen er enorm!
11 mrd. kroner! 11′000′000′000! Eit 11-tal med 9 fuckings nullar bak! For å gjere det enklare for deg kan eg seie at for det får du 4′400′000′000 Bugg, 1′000′000 Canon 30d og eller rett og slett økonomisk uavhengigheit resten av livet (til jorda går under). Men tilbake til saka.
Etter at Google kjøpte opp Blogger i 2003 og Yahoo kjøpte flickr i 2005, har kappløpet blant dei store selskapa (og spesielt Google) om å kjøpe og lansere gratistenester på nett. Eg nemner i fleng: Google Maps, Google Earth, Google Video, Google… Ja, eg kjem visst ikkje på nokre andre enn Googleting akkurat no. Pussig nok.
Spørsmålet mitt er.. Er dette ein god ting? Vil me at det dyrebare nettet vårt skal bli oppkjøpt og “dreve” av store selskap? Personleg ville eg ha foretrukke at sider som YouTube blei dreve av “privatpersonar” og ikkje Larry Page og Sergey Brin.
Vil me at veven skal bli som musikkbransjen der 4 store selskap eig mesteparten av dei andre småselskapa, og dei som er uavhengige enten døyr ut, eller blir oppkjøpt?
Dette oppkjøpet kjem til å føre til sensurering og salg av videoar over YouTube. Mesteparten av dei morosamme reklamane kjem til å bli fjerna. Alt som “har gått på tv” vil bli fjerna eller vist for betaling. Det vil ikkje eg. Litt av sjarmen med YouTube er det “usensurerte” samfunnet som går ut på å vise andre det du liker.
Eg vil ikkje selje det…
Eg kjem sikkert til å angre på denne posten ein dag eg har vore med på å lage noko som blir stort og blir solgt for såpass mykje pengar at eg kan tørke meg bak med tusenlappar til oldeborna mine døyr, men den tid får komme.
No vil eg ha veven sin personlegheit tilbake.
Liknande artiklar
- Nytt design - “Lampe” - Sidenyheiter
- Tankesludd: Google Web History - Tankesludd
- CAPS LOCK DAY - HumorInternett
- id vs. class - GuidarRessursar
- Kvasir sitt nøkkelhol - HumorInternett