Youtube - Error 505

Nei, Youtube skal ikkje døy. I så fall reiser den berre til vevhimmelen der DC og andre tidlegare populære nett-ting som ein hugsar frå ein gong drog.
Men greia er: Idet eg skulle hoppe frå ein Andy Kaufman-sketsj til ein anna, så dukka det opp ein Error 505, også kjent som Internal Server Error. Og det er den morosamste 505′en eg har sett på lenge! Link til skjermbilete.
Det verste var at den lange remsa med tal og bokstavar ikkje er tull, sjølv om den ser ut som det. Eg måtte faktisk lime heile greia inn i ein boks.
Jaja, betyr dette slutten for Youtube? Neppe, men det var artig lell.
Liknande artiklar
- CAPS LOCK DAY - HumorInternett
- YouTube oppkjøpt av Google - BloggNyheiter
- 1. desember - BloggNyheiter
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett
- Kan me kjøpe deg? - InternettMedia