Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Webcomics

teikneserier

Når ein er såpass mykje på datamaskina som meg (også gjennom jobben), så er det greit å ha ting ein kan gjere på når alt berre stoppar opp og det er ein tanke keisamt. Webcomics er ein av dei tinga.

Av dei eldste webcomics me kjenner til er T.H.E. som blei publisert på FTP og usenet (old-sk00l lzzm). Sidan har det komt litt lenger med tanke på teknologi, men mange striper er fortsatt dreve “frå guterommet”.

Sidan dei fleste webcomics er uavhengige av ein redaktør, har dei også litt “heftigare” humor enn dei klassiske Pondus og Dilbert-stripene. Det gjer at toleransen for død, kreft, aids og sex gjerne er litt lågare enn elles. Eg veit ikkje om nokon hugsar “dvergkasting”-stripene til Pondus som Dagbladet sensurerte? Vel, dei er ingenting mot enkelte webcomics.

Mine favorittar:

Cyanide & Happiness
Ein serie om alt mogeleg frå dumme “knock, knock”-spøkar til harselering med AIDS og kreft. Stripa som er grunnen til namnet er ei av dei beste i serien.

Order of the Stick
Nerdeserie som omhandlar ein gruppe i eit Dungeons&Dragons-rollespel. Visar konstant til urealistiske ting ved D&D, men er heilt klart ei hyllest til universet. Sjekk også ut Nerfworld på same sida.

The Perry Bible Fellowship
Syk serie. Køddar mykje med Gud og religion.

PVPOnline
Serie frå kontora til eit dataspelblad. Dilbert med dataspel. Fantastiske figurar.

Concerned
Serie frå Halflife-universet. Handlar om Gordon Frohman (nei, ikkje Freeman) og køddar mykje med karakterar frå spela.

KruttKim
Fantastisk rar, norsk serie. Er sånn at den er så dum at den går ut av skalaen på dum og landar ein plass oppe på bra.

Penny Arcade
Klassiker. Les den ikkje så mykje sjølv, men følte at den måtte vere med.



Så, kva er dine favorittwebcomics?






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Saturday 17. March 2007 , og er arkivert under Internett. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

4 kommentarar på “Webcomics”

  1. GravatarMathias skriv:


    http://www.mitchclem.com/nothingnice/index.php?pageNum_Recordset2=10
    http://www.mitchclem.com/nothingnice/index.php?pageNum_Recordset2=48

    ^^

  2. GravatarAndrs skriv:


    http://whattheduck.net er verdens neste tegneserie.

  3. Gravatartanketom.net » Til alle Googlarar der ute skriv:


    [...] Eg skreiv om mine favorittwebcomics for ei tid tilbake. Kanskje eg skal lage ein til, [...]

  4. Gravatartanketom.net » Webcomics - både andre sine og berre mine skriv:


    [...] - både andre sine og berre mine Eg har tidlegare hylla webcomics som eit redaktørfritt medium der “alt” er lov. No skal eg hylle eit [...]

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon