Webcomics – både andre sine og berre mine
Eg har tidlegare hylla webcomics som eit redaktørfritt medium der “alt” er lov. No skal eg hylle eit par serier til som eg nyter med jamne mellomrom. Ellers så skriv eg litt om mine eigne prosjekt.
XKCD
Kvifor denne ikkje var med sist er eg usikker på. Serien er så populær blant verdas nerdar at eg ikkje gidd å besøke sidan hans sjølv ein gang, eg berre sjekker Digg, der den popper opp fem minutt etter at Randall Monroe legg dei opp. Serien titulerar seg sjølv som “Ein webcomic om romanse, sarkasme, matematikk og språk”, og eg elsker den. Og nei, XKCD betyr ingenting spesielt!
PHD Comics
PHD er vanlegvis beteikninga på Doctor of Philosophy, også kjent som doktorgrad i filosofi (dr.philos.) her i Noreg. I denne serien står det derimot for “Piled Higher and Deeper”, og skal stå for mengda med arbeid som gjerne kan hope seg opp for ein stakkars akademi-kar (sukk..). Og det er akkurat det denne serien handlar om, ein kar som tek ei doktorgrad utan heilt å vite kvifor. Som aspirerande akademikar sjølv, så er det mykje eg kjenner meg igjen i når det gjeld situasjonar på universitetet, sjølv om eg er langt frå å begi meg inn på doktograden enda.
LFG
LFG, også kjent som Looking For Group, eit uttrykk brukt i MMORPG-spel når ein karakter leiter etter ei gruppe å spele quests med. Handlar om ei gruppe beståande av diverse fantasifigurar som er på eventyr i ei fantastiverd. Serien, streken og historia er bra i seg sjølv, men den onde karakteren Richard er det som verkeleg skil seg ut. Han er tvers gjennom uspiseleg ond, og er den einaste karakteren i serien som verkar å ha ei aning om at dei alle er med i ei teikneserie.
Questionable Content
Ah, endeleg ei serie som ikkje har ein tittel beståande av enkeltbokstavar! Litt mindre nerdete enn resten av seriane på lista, dette er meir ei slags såpeserie/ungdomsserie. Historia krinsar rundt ein kafé, dei som jobbar der, kundar og vener av desse. Mange forviklingar, mange hjartebrot og mykje humor. Særs lang serie som aldri heilt tapar seg!
Indexed
Har eg ikkje før forlatt nerdedømmet, så smell eg tilbake med stor kraft. Indexed er ei serie som apellerar til alle dei statistikk-horete sidene av meg. Indexed tek underfundige fenomen og lagar enkle søyler, grafar og venndiagram av dei. Enkelte av dei er som kunst å rekne.
Umbraco
Umbraco er ein norsk serie av MatsGull som eg har skrive om før i Donaldposten min. Eg er ein stor fan av absurd, surrealistisk humor, og Umbraco rører ved alle desse nervene i meg. Formspråket har også mykje til felles med XKCD.
Andre norske seriar, rett nok av varierande kvalitet, kan lesast på Nettserier.no, Noregs største side for lokale webcomics.
Mine eigne prosjekt
Den trufaste lesar har nok også lest det som er av min lettare sjølvbiografiske serie, Googlande Brilleslange. Den oppmerksomme, trufaste lesar vil også ha funne ut at serien no har hatt ein pause på nokre månader. Eg kan glede dykk med at den kjem tilbake, ironisk nok, så snart ferien min er over. Eg har eit par på lager som vil gå kvar tysdag (med forbehald) frå den 12. august.
Eg er også i tanke- og skisse-prosessen til ei alternativ superheltserie, eit lenger prosjekt. Serien heiter foreløbig “Anti-helt” og omhandlar ein superhelt som etter ei ulukke mistar kreftene sine. “Aha,” tenkjer du, “han får vel igjen kreftene på slutten!”. Nei, det gjer han ikkje, og det er litt av det som er planen. Korleis reagerer ein superhelt på å plutseleg miste alt som gjorde han til den han var? Korleis reagerer superheltvennene hans? Kva gjer ein eks-superhelt med kostymet sitt?
Som sagt, serien er foreløbig på eit tankestadium, og eg føler ikkje at teikneeigenskapane mine er heilt i par med korleis eg vil at serien skal sjå ut, men no og då spytter eg gjerne ut ei side eller ei stripe av desse for å teste kva lesarane mine tykkjer om den.
Hm? Åh, det var sant! Eg har jo ein liten “trailer” her!

Liknande artiklar
- Webcomics - Internett
- Kreativblogger – egad, a meme - Nyheiter
- Kreativia.no lansert! - Internett
- @Kinosyndromet på µblogging - Internett
- Surfefunn - Nyheiter