Web2.0 - Internett i utvikling

Web2.0, ordet i seg sjølv blir som oftast brukt om den nye, avrunda trenden på nettsider, men den er så mykje meir enn det. Eg vel å dele Web2.0 i tre; utsida, innsida og baksida:
Først, litt historie:
Historie
Uttrykket kom i 2004 då internettguru Tim O’Reilly fant eit uttrykk som skulle beskrive den nye trenden innanfor internettsatsingar den siste tida. Då han kom fram til Web2.0, i samarbeid med blant anna Dale Dougherty, skapte han samtidig eit av dei mest omdiskuterte orda innanfor webbransjen sidan “http”. Med ”blogge”-bølgja, YouTube og Google sin frammarsj dukka det opp ein ny måte å tenkje internett på.
Web2.0 – Utsida
Det er mange trekk som blir trekt fram når ein snakkar om Web2.0. Det moderne, enkle er eit grunntrekk, og gjerne litt duse fargar. Det er sjølvsagt mange eksempel med kraftige fargar, men det er prega av få fargar som passar godt i lag. Web 2.0 er også webdesignaren sin tidsalder. Eit av dei mest framtredande er vel den avrunda kanten som kom stormande inn i webdesignet for alvor rundt 2005. Ellers er det mange andre ”kjenneteikn”.
Artige namn:
Ord som YouTube, Flickr og Myspace er kanskje meir og meir vanlege no, men dei er ikkje åleine. Nye nettsider med namn som imgppl, ZatOo, VidJoo, Grapheety, Bzzter! m.m. er gode eksempel på dei litt artige, søte namna som har dukka opp dei seinaste åra. Du kan til og med lage ditt eiget artige namn med web2.0-generatoren.
Fargeovergangar:
Fargeovergangar, eller såkalte gradients er blitt meir vanleg dei siste åra.
Refleksjonar:
Speilaktige, glossy refleksjonar, kanskje spesielt i og rundt logoar og nettsidenamn er veldig, veldig, Web 2.0. Moderne og simplistisk.
Søte ikon:
Kom kanskje først og fremst med Windows XP og Mac OS, men har spreidd seg ut på den store veven. Skype er eit veldig godt eksempel med sine ikoner og logoar.
Mangekanta stjerner:
Mangekanta stjerner, såkalte ”violators”, har også dukka opp mange stader. Blir ofte brukt til å vise tekstar som ”NEW!” og ”1000 new images” og så vidare. Ofte den mest ”avanserte” geometriske figuren på ei side.
Store fontar:
Uthev det viktigaste med større skrift, men som med alt anna god design: Gjer det med moderasjon!
KISS-prinsippet (nei, ikkje Knights In Satans Service, men Keep It Simple, Stupid) er ein mykje verdsatt i den nye webdesigntrenden. Mykje whitespace (”tomme” områder for å lette leselegheit) er vanleg, og også moderat bruk av fargar, form og fontar.
Mange hevdar at designet ikkje nødvendigvis har noko med Web2.0 å gjere, og eg er til ein viss grad einig, sidan designet ikkje gjer sida Web2.0 av seg sjølv, men må bli tillagt ting på innsida for å slå seg fram i den moderne webdesign-verda. Det bringer oss over til neste steg.
Web2.0 – Innsida
Semantikk er hovudstikkordet innanfor kodinga og det underliggjande i Web2.0. Tim Berners-Lee, oppfinnaren av måten du surfar rundt på internett (WWW = *WubWubWub*), har i lang tid hatt ein draum om den store verdsveven:
”Machines become capable of analyzing all the data on the Web - the content, links, and transactions between people and computers. A “Semantic Web,” which should make this possible, has yet to emerge, but when it does, the day-to-day mechanisms of trade, bureaucracy, and our daily lives will be handled by machines talking to machines, leaving humans to provide the inspiration and inuition. The intelligent “agents” people have touted for ages will finally materialize. This machine-understandable Web will come about through the implementation of a series of technical advancements and social agreements that are now beginning“
- Tim Berners-Lee
Semantikk tyder bokleg sagt: ”vitskapen om orda si meining”, men på internett beskriv det måten ein brukar korrekt kode (webstandards @ W3C) for å gjere det mogeleg for flest mogeleg å kunne lese mest mogeleg slik dei vil. Ta for eksempel last.fm: ei side som ser kva musikk du høyrer på, legg den ut på nettet, gir deg musikk som liknar på det du likar basert på kva andre høyrer på, og set deg i kontakt med folk som likar det same som deg gjer det mogeleg å nå ei ny verd med musikk. Musikken du høyrer på (i alle fall titlane) kan integrerast som lister på di heimeside, Blogger-blog, Myspace-side, Facebook-profil og så vidare med nokre enkle tastetrykk.
Web2.0 – baksida
”The web as a platform” er også eit begrep av Tim O’Reilly som visar til at nettlesaren din ikkje lenger er eit program, men ein plattform som gjer det mogeleg å gi tenester og det emste av informasjon gjennom nettlesaren din.
Bak denne forkjærligheita for leik med informasjon ligg det eit ynskje om å la brukaren ta del i internett. Tida då internett oppstod, då den reklame/marknads-styrte weben gjorde nettet hovudsakleg av reklamesider, nyheitssider skrevne av journalistar og så vidare har no gått over til å setje brukaren i fokus, og å stole på brukaren.
Brukaren kan legge ut nyheiter på abcnyheter. Brukaren kan legge ut sine vel-dokumenterte kunnskapar på Wikipedia. Brukaren kan skrive sine meiningar på Blogger. Brukaren kan legge ut sine favorittfilmar eller eigenfilma ting på YouTube.
Grandiosa er eit godt eksempel. Der Stabburet for 5-6 år sidan hadde hatt ei side med informasjon om kor mange som likar Grandiosa, kor mange kyr som blir slakta og kor mykje pizzadeig som blir bakt, har dei i år ei storstilt kampanje der du kan sende inn filmar av deg sjølv og dei du kjenner som dansar den ”fantastiske” Grandiosa-dansen (Shamanamadong!) for å vinne premiar, og slik skape meir interesse rundt produktet.
Skrivebordet er ikkje lenger hovudarbeidsplassen på datamaskina. Tendensar peikar mot at Internett tek over som førsteverktøy.
Framtida
Mange har hevda at Web2.0 er ei boble og eit ”buzzword” som ikkje fører nokon stad hen. Eg trur den debatten bør leggast død fort. Web2.0 er ikkje berre pene sider, det er ikkje ein ny versjon av internett, det er ein bevegelse mot ein ny måte å bruke internett på. Internett er brukarens domene. Slik bør det vere.
Relevante linkar som ikkje står i teksten
Liknande artiklar
- Rådlaus i det trådlause? - InternettMedia
- Tankesludd: Google Web History - Tankesludd
- Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud - Guidar
- Nytt 30d!! - AnbefalingarBloggNyheiter
- Den siste månaden - Sidenyheiter
Saturday 14. April 2007 klokka 20:08
Særs interessant sak, Andreas. God og informativ tekst, skrive med ein særs stødig penn!
Du trur ikkje Web 2.0-uttrykket vil gå av moten lik blomstermotiv på tapeten har tapt seg sidan 70-talet, altså?
Og kva i alle dagar er “inuition”?
Sunday 15. April 2007 klokka 11:30
Eg tvilar ikkje på at uttrykket, altså utsida, vil forandre seg (alle veit jo at “punk’n'circus” blir årets web-mote), men det bakanforliggjande trur eg vil fortsetje å utvikle seg til å bli ENDÅ meir brukarstyrt.
Monday 23. July 2007 klokka 1:13
[...] Det eg tenkjer på av opplæring er meir eit fag i skulen (ikkje meir enn ein time eller to i veka eit år eller to rundt 5.-7. klasse for eksempel), som tek sikte på å lære born fornuft og etikk på internett. Som Krumsvik seier er ikkje internett eit “verkty” lenger, men ein plattform (Web 2.0, anyone?) der folk søker alt frå rein informasjon til nettsamfunn av alle slag. Dette vil og vere faget der snørrungane kan lære seg å søke etter informasjon på internett, og sjekke kjelder, noko som dei verkeleg kjem til å få bruk for seinare. [...]
Thursday 9. August 2007 klokka 23:11
Hva er Web 3.0?…
“Web 2.0″er et begrep som dukket opp i 2003, og som brukes for å karakterisere det nye nettet. Web 2.0 har endel karakteristiske trekk:
Nettet er ikke lengre bare er informasjon, men vel så mye samarbeid og kommunikasjon mellom brukerne
…