VVV: coke.no

Trippel-V, eller “Vekas Vonbrotne Vevoppleving” er ei ny spalte der eg tek for meg ein vevstad per veke (om det er nokre som har gjort særs inntrykk) som har gjort meg småsinna. Dette kan vere på grunn av irriterande bakgrunnsmusikk ein ikkje kan slå av, eller på grunn av ting som rett og slett ikkje fungerar i alle nettlesarar. Eg startar ballet med ein eg trudde var ein ven av meg, Coca-Cola:
Eg må nemleg innrømme ein ting: Eg likar Coca-Cola. Eg har mange grunnar til kvifor eg ikkje skulle like den: Det er ei stor kapitalistisk bedrift som lever av å selje ei falsk verd der alle som drikk Cola er lukkelege, dei har gjort diverse ting rundt om i verda som ikkje er særleg solidariske, den har sukker som tilsvarar 25 sukkerbiter, og så bortetter, og så bortetter. Eg har eit tonn av grunnar til å boikotte den, men eg klarar det ikkje. Coca-Cola er rett og slett… for godt.
I den samanheng har eg set fram til den artige kampanjen der du kan få ein iTunesdownload for kvar kode du hentar ut av ei Cola-cork fordi eg vil prøve ut nettbutikken, og fordi eg faktisk kan få litt sangar eg likar, gratis… lovleg… *kremt*
…
- tanketom
Eg registrerte meg difor på nettsidene deiras, coke.no, for å kunne legge inn kodar. Joda, fungerte greit det. Flash, så ein kan vel diskutere rukarvennlegheita, men fint design. Fæl lyd da, men den kan slåast av. Eg såg den artigaste “ja/nei til nyheitsbrev”-popupen ever, by the way:

Du har tydelegvis eit enkelt valg på denne. Vere eit inneslutta, isolert gråtande emotroll i regnet, eller vere ein mann av tida, i informasjonsflyten som er oppdatert på at det siste nye av hippe, kule ting, som iPod… og sånt… Jaja, eg tek mine sjansar og svarar nei eg.
Så kjem me til alvorets time. Eg brukar jo, som kanskje kjent, Opera som min nettlesar. Eg legg inn ein kode og trykkjer på den kule handa:

Hm, jaja, så då får eg legge den inn på nytt da…:

“…”
Så du fortel meg at eg ikkje skal få den jævla koden eg nett tasta inn? Greit, så er eg kanskje ein gjerrigknark, men eg likar liksom å få det eg har betalt for (så mykje sunnmøring har eg vel fortsatt i meg). Og det var ikkje berre då dette skjedde, eg får opp koselege “OOPS!” rett som det er. Er det slik det skal vere? Skal eg måtte vere avhengig av å bruke Internet Explorer for å kunne gjennomføre ein transaksjon på coke.no? Nei, eg har for så vidt ikkje prøvd Firefox, men prinsippet er det same. Eg vil bruke den nettlesaren eg vil, ikkje den nettlesaren Coca-Cola vil. Eg er også fullt klar over at mi side ikkje er heilt korrekt i Internet Explorer, men eg er då heller ikkje selskapet som eig verdas mest kjende varemerke.
Eg meinar at i det minste større selskap skal ha sider som fungerar på flest mogeleg operativsystem, i flest mogeleg nettlesarar. Dette føyer ser inn i rekka (sjølv om det ikkje er like alvorleg) til saker som at ein ikkje kan bruke Linux til nettbanken sin.
Nei, veit du kva, Cola? Eg har berre ein ting å seie:

For å vere med i mi lille kampanje, så kan du trykkje på denne linken for å kome til “Fuck Coke”.
Alle screenshots er tekne frå www.coke.no
Liknande artiklar
- Paradokset ved reklame - FilmMedia
- id vs. class - GuidarRessursar
- Mine 14 beste Mac-applikasjonar - Anbefalingar
- Web2.0 - Internett i utvikling - Nyheiter
- Så mykje BIFF, så lite tid… - FilmInternett
Wednesday 18. July 2007 klokka 3:21
Multiplatform/multibrowser skulle vært lovpålagt i dagens samfunn der vi bruker flere OS og browsere om hverandre.
Så sant skal sies fungerer Sparebank1s nettbank fantastisk i linux. Creds til Sparebank1 gruppen.
Jeg signerte oppropet, og gir en liten dråpe til kampen for multiplatformkompatibilitet. Hvis vi får mange nok dråper vil forhåpentligvis begeret renne over:)
Wednesday 18. July 2007 klokka 17:03
FBI på NRK hadde jo eit program at slikt som dette var diskriminerande og at alt slikt måtte bli forbetra.
Wednesday 18. July 2007 klokka 23:54
Så enig, så enig. Slike sider som coke.no burde støtte alle OS og nettlesere (såfremt det er mulig). Fin side og god sommer!
Thursday 19. July 2007 klokka 18:26
Problemet er vel ikke coke.no. Problemet er tjenester som TV2s webtv som ikke fungerer på Mac. Eller webtv-tjeneste til NRK som funker sånn ca.
Enda verre er det for oss som har nettbank i Norges beste bank, Skandiabanken. For den funker ikke på Safari. Man er nødt til å laste ned enten Firefox eller Opera.
Thursday 19. July 2007 klokka 18:50
Ja, eg vurderar å forandre kampanjen til Fuck “dei som ikkje har multiplattformkompatibilitet”. Det er større fisk i havet enn Coca-Cola på akkurat dette området. Cola blei liksom berre frontfiguren min i denne saka ^^
Friday 20. July 2007 klokka 15:35
Et av de tingene som provoserer mest her, er at man ikke etterpå kan “angre” på at man bruker Opera. Da er allerede koden tapt. Tenk om man i Safari delvis kunne bruke Skandiabanken. Man taster inn en regning til vår kjære Lånekasse (de siste kronasjene man har på kontoen), og vips; “Systemfeil prøv igjen”. Man fyrer opp Firefox og får følgende feil “Beløpet er allerede brukt, vennligst overfør mer penger til kontoen”…
Uansett… Hvis webutvikleren ikke er kompetent nok til å lage en slik tjeneste, så bør de nesten opplyse om det før man starter å taste inn koden.