Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Verdas bokdag - Mine 11 favorittbøker

Verdas bokdag

I dag er verdas bokdag. Dagen er “offisiell” i formeining av “arrangert av UNESCO” og meint til å fremje leseglede, spesielt blant born. Om eg er eit born? Njah.. Men eg kan vel fortsatt fortelje om favorittbøkene mine for det?

Eg er nemleg veldig glad i bøker. Og eg var slik sett heldig som var tidleg ute med å kunne lese. At ord på papir kan skape kjensler på den måten er artig. Det er for øvrig vist gjennom intervju med ungdommar som har gjennomført det som “populært” blir kalla school shootings at bøker og andre skriftlege media har minst like stor effekt som for eksempel spel og film, om ikkje meir. Det seier litt.

Eg er heller ikkje åleine i Noreg. I følge ei undersøkjing av Synovate for Forleggerforeningen, har 8 av 10 nordmenn kjøpt ei bok i fjor, 9 av 10 lest ei bok eller fleire medan fire av 10 har lånt bøker på biblioteket. Eg veit ikkje kor mange eg har kjøpt, lest og lånt, men eg følar eg er i toppsjiktet på alle tre statistikkane (dersom eg hadde svart på slike telefonundersøkjingar).

Bokkunsten blei som dei fleste sikkert har lært på skulen verkeleg stor med Gutenberg si oppfinning av løse metallbokstavar i trykkekunsten på 1400-talet. Noko liknande, berre med tretyper, hadde riktig nok eksistert i Asia nokre århundrer før, men det var dei slitesterke, gjenbrukbare metallbokstavane som gjorde den store skilnaden.

Dei første store opplaga gjekk naturleg nok til Bibelen, noko det fortsatt gjer. Bibelen er fortsatt ei av dei mest trykte bøkene kvart år (kun slått av IKEA-katalogen).

Mine favorittbøker

Eg har som sagt lest ein god del bøker, og eg tenkte at eg i kraft av dagen, skulle ramse opp mine 11 favorittbøker (av 11 forfattarar). Ikkje be meg om å rangere dei, det klarar eg ikkje. Alle desse har skapt ei kjensle hjå meg på ulike områder og tider.

George Orwell - Animal Farm

Eg var usikker på om eg skulle skrive denne eller 1984, men eg gjekk for Animal Farm, på norsk kjent som Kamerat Napoleon. Boka handlar om ein gard der dyra tek over styringa frå den urettferdige eigaren som driv dyra hardt. I byrjinga er det eit likevektsprosjekt der poenget er at alle skal bestemme like mykje, men etter kvart tek grisane over og styrar dei andre dyra hardt. Ikkje ulikt dei fæle menneska i byrjinga av historia.

Boka har klare parallellar til Sovjetunionen si byrjing og utvikling og tida etter den russiske revolusjonen, der menneska er føydalsamfunnet sine herskarar og grisane er dei opprinnelege tenkjarane bak kommunismen. Om du er interessert i historie, og spesielt russisk historie, vil du kjenne igjen mange av handlingane.

Bill Bryson - A Short History of Nearly Everything

Om eg nokon sinne skulle befinne meg i stillinga som naturfaglærar, så blir denne obligatorisk pensum! Boka er skriven med tanke på å gjere naturfag morosamt, og den klarar det. Bill Bryson tek for seg heile verdshistoria, frå teoriar om skapinga av universet (med oppskrift), via forskjellige oppfinningar (med fokus på oppfinnarane sine sære handlingar) til verda i dag.

Han går blant anna gjennom kvantefysikk, evolusjon, astronomi og geologi, og du forstår det. Du ler til og med medan du forstår det. Noko som ikkje er lett. Med unntak av kvantefysikk da, det er jo alltid morosamt.

J.R.R. Tolkien - Hobbiten

Misforstå meg rett her, Ringenes Herre er ei god bok, men den er enormt tung. Landskapsskildringane i Hobbiten sin etterfølgjar og alle detaljane blir litt vel tunge for meg, til trass for at eg likte den. Då foretrekk eg derimot Hobbiten, historia om korleis Bilbo fekk ringen sin. Bilbo lever eit roleg liv i sitt hobbithol då ein trollmann ein dag bankar på døra. Det er Gandalv. Litt motvillig, blir Bilbo med på eit eventyr som bringer han, Gandalv og tolv dverger frå rolege Hobsyssel til dragen Smaug sitt skattkammer.

Boka er nok skriven meir med born i tankane enn Ringenes Herre er det, men det gjer ingenting. Språket er her såpass lett og levande til trass for beskrivande skildringar. Du ser det for deg, og kosar deg heile vegen.

Nick Hornby - High Fidelity

Dette er både ei god bok, og ein god film. Den største skilnaden ligg i at boka foregår i Londons gater. Rob Fleming, ein musikkentusiast utan like, lagar lister av alt. Han og to likesinna kameratar driv ein platebutikk i Londons litt mindre trafikkerte strøk, noko som passar dei utmerka. Dei slepp dermed å få besøk av tilfeldige forbipasserande, men kan halde seg til å selje musikk til eit meir interessert publikum.

Heile boka si handling foregår i ei av Rob sine lister. Han går kronologisk gjennom sine største samlivsbrudd opp gjennom tidene, etter at hans store kjærleik har gått frå han fordi han er redd for å ta forholdet til “det neste steget”. Fantastisk skildring av ein mann som ikkje heilt har klart å forlate tenåra, og helst skulle ynskje at livet som platedealer hadde fungert av seg sjølv.

Eg anbefalar også det meste anna Nick Hornby har skrive. Han er meget god på skildring av kjensler, og er enormt flink til å setje karakterane sine i dei raraste situasjonar.

Douglas Adams - Hitchhikers Guide to the Galaxy

Arthur Dent er ein heilt vanleg bedrøveleg engelskmann som ein dag finn ut at huset hans skal bli rive ned for å gjere plass til ein motorveg. Seinare finn han ut at ikkje berre huset hans, men heile planeten skal bli riven. Dette er starten på ei haikereise som tek Arthur og kameraten hans Ford på ei reise rundt i galaksen for å prøve å gjenskape planeten hans.

Svaret er som vanleg 42, men kva pokker er spørsmålet? Douglas Adams leikar med religion, filosofi, fysikk og andre artige ting og skapar eit univers på lystgass med alle slags formar for liv.

Erlend Loe - Naiv. Super.

Åh, så forvirra. Åh, så naiv. Åh, så genial. Erlend Loe sin karakteristiske skrivestil på sitt beste. Fantastisk bok om ein fantastisk karakter, som får eit lettare mentalt samanbrot ein kveld han blir slått av sin bror i krokett (kven har vel ikkje opplevd det?). Dette fører til at han tek avstand frå sitt eiget liv, sluttar studia og flyttar ut frå heimen sin og inn i broren si for tida tomme leilegheit. Her bedriv han tida ved å liste opp verda si og fundere over tiden.

Eg tok med denne, men eg kunne like godt ha brukt “L” eller “Doppler”, to andre av hans bøker som eg også har vore gjennom.

Hunter S. Thompson - Fear and Loathing in Las Vegas

Ei gal, gal reise gjennomført at to gale, gale menn. Raol Duke får i oppdrag å dekke eit billøp i Las Vegas. For pengane kjøper han så mykje narkotika han kan få fingrane sine på, og saman med advokaten begir dei seg ut på ei reise til Las Vegas. Her er det narkotika, overgrep, narkotika, bilar, politi, narkotika og narkotika.

Reisa er delvis sjølvbiografisk, som dei fleste andre bøkene hans, men eg trur ikkje ein gong Hunter S. Thompson sjølv visste heilt kva som var verkeleg og oppfunne. Denne skrivestilen er opphavet til uttrykket gonzojournalistikk, som beskriver ein skrivestil der journalisten subjektivt beskriv verda, gjerne i førsteperson.

Lars Saabye Christensen - Beatles

Reise gjennom 60- og 70-talet sett gjennom auga til ein av fire i ein gutegjeng som heng saman frå barneskulen av. Musikken til Beatles legg grunnlaget for historia, og me får ei reise gjennom oppvekst, politisk vekking og til slutt vaksenlivet. Ei av dei første “store norske” (hehe) bøkene eg las, og eg har lest den igjen etter det.

J.K. Rowling - Harry Potter-bøkene

Harry Potter-bøkene må også med. Kan ikkje velje ei bestemt, sidan dei heng saman så tett. Handlar om Harry Potter sin overgang frå eit sært, mobba hittebarn til ein sagnomsust trollmann etter at han startar på magiskulen Hogwarts. Foreldra hans blei drepen av den mektige, onde trollmannen Voldemort då Harry var liten, men av ein mystisk grunn overlever Harry angrepet og Voldemort blir borte. Me følgjer sidan Harry gjennom vennskap, fiendar, farer og gleder frå han er 11 år til han er 17.

Dette var bøkene som gjorde at eg byrja å lese engelsk på ordentleg, og eg har såleis mykje å takke Rowling for. Dei fire første bøkene er lest utallige gonger, og eg har vore eit par gongen gjennom dei tre siste også. Det var hardt å avslutte heptologien i fjor sumar, men det måtte til. Rowling har like vel ytma frampå om at ho ikkje er like negativ til å lage ei 8. bok som før. Visstnok har ho tonnevis av bakgrunnshistorier som krever å kome ut av pappeskene sine. Me får berre håpe at dei held same standard som dei 7 første.

Jostein Gaarder - Kabalmysteriet

Ei av dei fire Gaarder-bøkene eg skreiv særemne om på vidaregåande. Hans Thomas og faren, begge frå Arendal, set i gang ei reise mot Hellas for å finne si, henholdsvis, mor og kone som forsvant ned dit for mange år sidan. Reisa blir ei filosofisk reise gjennom Europa, der Hans Thomas og faren diskuterar livet. I Sveits får også Hans Thomas ei bok av ein bakar. Boka handlar om ei øy bebudd av eit folk kategorisert på same måte som ein kortstokk.

Dette var gjennombruddsboka for Gaarder som etter kvart også gav ut Julemysteriet og Sofies Verden, dei to andre i “filosofi-triologien” hans. Alle tre har mykje til felles, både tema- og dramaturgi-messig (det var også dette som var temaet i mitt særemne).

Steven Levitt og Stephen J. Dubner - Freakonomics


Kanskje ei av bøkene som vekte interessa mi for statistikk og sosiologi. Denne blei, i likskap med Bill Bryson-boka, kjøpt på Stanstead flyplass der me blei sitjande i 31 timar og vente på fly. Begge bøkene blei slukt, for så å bli lest igjen då eg kom heim.

Freakonomics tek statistikk og matematikk i bruk for å prøve å finne dei skjulte årsakane til kvifor enkelte ting er som dei er. Kvifor gjekk kriminaliteten verkeleg ned i USA på 90-talet? Kva var årsaken til KKK sin raske nedgang i medlemsantal på 60- og 70-talet? Er det tilfeldig at den største gjengen i Chicago har ein utdanna økonom i sjefsstolen? Dette er vel det beste eksempelet eg kan på uttrykket “anvendt matematikk”.

Særs nevneverdig omtale

Are Kalvø - Alle bøkene
- Mannen er genial. Norsk humor og ordleik på sitt aller beste. Han er ikkje berre mitt nynorskalibi, han er eit språkleg forbilde!

Chuck Palahniuk - Fight Club
- genial bok, genial film. Om ein mann sitt møte med superegoet Tyler Durden og følgjene av ekstrem vald som psykoterapi.

Dan Brown - Engler og demoner
- i mine auger den beste Dan Brown-boka. daVinci-koden er oppskrytt.

Jared Diamond - Guns, Germs, and Steel
- bok som diskuterar kvifor verda har endt opp som den er, med ei teknologisk underlegen tredje verd. Reiser mange viktige spørsmål

Isabel Allende - Åndenes Hus
- handlar om historia til ei chilensk familie frå sosialiststyret i byrjinga av 1900-talet til Pinochet sitt kupp i 1973.

John Steinbeck - Of Mice And Men
- handlar om George og hans tilbakeståande ven Lennie. Dei to jobbar på gardar rundt om i Midtvesten, men George sitt barnslege vesen og enorme styrke får dei i problemer.

Og mange, mange, mange andre…




P.S: Denne dagen er også meint til å fremje opphavsrett og andre copyright-lover. Eg har ikkje heilt fulgt Ronny-André sitt eksempel og lagt heile bloggen under Creative Commons-lisens enda, men kven veit kva som skjer?






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Wednesday 23. April 2008 klokka 6:05 pm og er arkivert under Litteratur. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

8 kommentarar på “Verdas bokdag - Mine 11 favorittbøker”

  1. Gravatararvid skriv:


    sakner “vindens skuggar”,” Jorda rundt” av C.Jensen,vi de druknede, men smak og behag er ulik, godt at det leses bøker og skrives om det.

  2. GravatarMin alternative feiring av bokdagen « Først & Sist skriv:


    [...] Material girl, Patetisk) Det er Verdens Bokdag i dag. Og jeg kan da ikke være noe dårligere enn alle andre, jeg vil feire jeg [...]

  3. Gravatarrandi skriv:


    Nikker gjenkjennelig til fler tittler her, men må innrømme at Hobbiten måtte jeg legge fra meg…. :-)
    Freakonomics er flott, har du lest naked econocmics, tipping point og black swan? litt i samme kategori :-)

  4. Gravatarmams skriv:


    Kor er nynorsklitteraturen?
    Kor var barneoppdragaren i 1992?
    Kvifor måtte du fram finne Gyldendals blå -

    kor er alle heltane….?

  5. Gravatartanketom skriv:


    I etterkant merkar eg at eg er veldig anglofil..

    @randi
    Legge frå seg Hobbiten? Makan..

    Eg har høyrt om naked economics, men ingen av dei andre. Takk for tipsa! :)

    @mams
    Det var du som ikkje nekta meg å lese tidleg, ikkje eg! Og nynorsken er representert ved Are Kalvø, eg klarte ikkje å bestemme meg for kva bok eg skulle ta, så han fekk enormt hederleg omtale i staden.

  6. Gravatarmams skriv:


    Eg aksepterte at du lærte dei store bokstavane -
    dei små knekte du koden til sjølv med hjelp av Donald Duck, - og overaska i barnehagen med å lese frå mjølkepakken…,
    og engelsk lærte du med gyldendals blå og Harry Potter…

    - og så vert dagens ungdom beskulda for manglande kunnskapar i sjølvstudium…

  7. GravatarSjur skriv:


    Eg har fortsatt Freakonomiczzz-boka di. Du får den tilbake, I promiseseses. Sende i posten?

  8. Gravatartanketom skriv:


    @Sjur
    Aha, det var du som hadde den ja.. Tja, om du tutar forbi Lærdal, så kan eg jo be mor om å plukke den opp. Er ikkje lenge til eg dreg heimover for sumaren uansett.

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Siste Linkdump

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon