Veketoppen v.42
Tenkte eg skulle gjeninnføre Veketoppen no som eg har fått ei fast maskin eg brukar til musikk. Denne veka har vore prega av at eg har vore sjuk. Lite musikk, og mykje søvn med andre ord.
I beste NRKbeta-stil meinar eg sjølvsagt at Last.fm klassar ut Topp20-listene rett og slett fordi dei visar kva som blir høyrt på, og ikkje kva som blir kjøpt. Veketoppen er difor basert på min last.fm-liste.
Veke 42 - 14.-21.oktober
- 1. Tingsek - 24 gongar
- Svensk melankolpop. Roleg og sart. Perfekt når du er småsjuk.
- 2. AC/DC - 22 gongar
- Australsk rock. Om eg treng å fortelje deg kven desse er, så kan eg like godt la vere.
- 3. Led Zeppelin - 11 gongar
- God gamaldags rock. Gjeld for øvrig same som AC/DC. Du bør ha høyrt namnet.
- 4. Hot Hot Heat - 10 gonger
- Kanadisk indierock. Koseleg, småpussig musikk.
- 4. Incubus - 10 gonger
- Alternativ rock. Har til dømes mykje av musikken frå Halo.
- 6. Red Hot Chili Peppers - 9 gonger
- Funkrock. Det eldste er best, ettersom dei har blitt meir radiovennlege med åra, men fortsatt meinar eg at Stadium Arcadium er eit godt album.
- 7. Arctic Monkeys - 8 gonger
- Brit-rockens nyaste store tilskot. Fire unge britar som absolutt er høyrverdige.
- 7. The Arcade Fire - 8 gonger
- Blir kalla “Orchestral Rock”, men er heilt klart noko for seg sjølv. HØYR!
- 9. Rage Against the Machine - 7 gonger
- Kommunismens musikalske fronttropp. At dei nokon sinne blei populære i USA, må vere fordi dei rett og slett er gromme!
- 10. Lenny Kravitz - 6 gonger
- Poprock kanskje? Du har sikkert høyrt om han.
- 10. Fear Factory - 6 gonger
- Hard rock. Trur det har gått mest i deiras coverlåt, Cars. Ellers er dei litt for harde for ein sjuk stakkar.
- 10. Looptroop - 6 gonger
- Svensk politisk hip hop. Samarbeidar blant andre med Timbuktu. Takk for tipset, Maria
- 10. Modest Mouse - 6 gonger
- Alternativ rock. Fjorårets album “We were Dead Before The Ship Even Sank” er veldig høyrbart. Du vil sikkert like det om du har ein forkjærleik for The Shins.
Liknande artiklar
- Komande høgdepunkt: Hovefestivalen - Musikk
- Vi roter i våre arkiver: Ein hardtslåande tittel - Tekstar
- Sumarmusikk - Musikk
- YouTube oppkjøpt av Google - BloggNyheiter
- VVV: coke.no - Internett
Monday 22. October 2007 klokka 9:20
Var mye mainstream her ja:P
Monday 22. October 2007 klokka 13:21
Slikt som skjer når ein set på random og spolar forbi det meste av den harde musikken