Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Uwe Boll, det einaste geniet i filmbransjen

Du kjenner han kanskje som mannen bak dei fantastiske spel-til-film-overføringane Alone in The Dark, Bloodrayne, Bloodrayne II og Dungeon Siege. Tyskland sin fremste filmregissør, Uwe Boll! Ikkje?

Då kjenner du han kanskje som mannen som har laga fantastisk dårlege filmar (sett gjennom mine auger, i det minste) av dataspel, og som i desse dagar jobbar med å gjere ferdig filmar som Far Cry (som vel opprinneleg var Dr. Moreaus Island-”inspirert”), Alone in The Dark II, Bloodrayne III og Zombie Massacre (basert på Wii-spelet med same namn). Ingen skal seie at han ikkje er ein travel mann, men ein verkeleg flink mann, det er han ikkje.

Dei fleste filmane hans har floppa stort i kinosalane, og DVD-salget har heller ikkje vore noko å skryte av. Filmane har fått massiv kritikk frå massene, både blant filmelskarar og dataspelfansen, for å ikkje ta kjeldematerialet på alvor, og for å vere generelt dårlege.

For ei tid tilbake oppstod ei online underskriftskampanje som kort sagt ville at Uwe Boll skulle slutte å lage filmar, dette på vegne av både dataspel- og skrekkfilmentusiastar. Då Uwe blei konfrontert med dette i eit intervju med FEARnet, sa han følgjande:

FEARnet: Are you aware that there is a petition online, signed by 18,000 people, requesting that you stop making movies?
Boll: Yeah, I know that. 18,000 is not enough to convince me.
FN: How many would it take?
Boll: One million. Now we have a new goal.

Altså meinte han at det måtte kome ein million underskrifter før han ville gi seg. I etterkant gav han ut ein video. Og det er eigentleg denne videoen som er det beste med heile denne saka. For å seie det slik, eg er motstandar av Janteloven, men eg set også pris på audmjukheit. Og audmjuk er noko Uwe Boll ikkje er.

Haha, den er morosam. Sjå den ein gong til før du les vidare. Nesten så ein kan tru det ikkje er sant.

Mannen påstår altså at han er det einaste geniet i bransjen.. Greit, eg kan vere einig i at Micheal Bay og Eli Roth ikkje er verdas mest intuitive filmskaparar, men eg må seie eg likte f.eks. Transformers. Grei underhaldning. Men Uwe Boll ligg fortsatt langt, langt under desse to.. til trass for sin doktorgrad i litteratur (sic).

For all del, han må lage dei filmane han orkar. Eg er då for ytringsfridom. Men eg meinar at han med desse dårlege overføringane, av spel som heller ikkje er kjent for sine enormt gode historier, skapar dårlege vibber rundt heile “dataspel-til-film”-sjangeren. Kor lett er det å få gjennom overføringar av spel med gode historier (t.d. Mass Effect, Bioshock, Under a Steel Sky, Diablo) når folka med pengar i Hollywood ser den dårlege profitten andre videospeloverføringar får? Uwe Boll klarar dette fordi han ikkje blir betalt av Hollywoodpengar, men gjennom den tyske staten.

Underskriftskampanja har no rundt 177000 underskrifter, som er ei auke på rundt 20000 sidan eg såg den for første gong i går, og 1000 sidan eg byrja å skrive denne saken. Om det når ein million, kven veit? Spørsmålet er vel heller om Uwe Boll gir seg eller ikkje om det eventuelt skulle skje.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Friday 11. April 2008 , og er arkivert under Nyheiter. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “Uwe Boll, det einaste geniet i filmbransjen”

  1. GravatarBlingvild skriv:


    digga det nye designet ditt mister!

  2. Gravatartanketom.net » Til alle Googlarar der ute skriv:


    [...] dårlegaste beste regissør, Uwe Boll, har eg skrive om, [...]

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon