Twitter i Opera
Jajaja, kall det kva du vil. Eg kallar Twitter ein liten finurleg sak som er gøy å leike med. Diverre hugsar eg ikkje alltid å oppdatere den. Difor kan enkelte av desse meldingane (sjå øverst til høgre) verke litt rare og utdaterte av og til. Det var slik eg fekk ideen.
Opera, min favorittbrowser by the way, har nemleg funksjonen at ein kan lage funksjonar for å søke i (nær) kva som helst søkemotor frå addresselinja. Innebygd i Opera ligg til dømes funksjonen som gjer det mogeleg å Google “tanketom” ved å skrive inn “g tanketom” i addresselinja. Dette gjer den ved å bruke queryane som ligg i dei forskjellige søkemotorane.
Eg veit av erfaring at også Twitter har slike queryar (“Queryar”? Norsklæraren min kjem til å drepe meg!) som gjer at ein kan oppdatere den frå andre sider, som til dømes Facebook-appen til Twitter.
Dette gav meg idéen til at kanskje ein kan oppdatere Twitter på same måten? Ved hjelp av litt googling (Praise Google), Opera-forum og min “nerd-in-need”, Jonas.
Howto
- Last ned siste versjon av Opera og få ein Twitter-konto
- Opne “Innstilligner/Preferences” (Ctrl+F12) i Opera og trykk på “Søk/Search”-fanen
- Trykk på “Legg til/Add” og fyll ut desse innstillingane:
- Navn/Name: Det du vil
- Nøkkel/Key(?): Det du vil, eg brukar tweet
- Adresse/Address: http://BRUKARNAMN:PASSORD@twitter.com/statuses/update.xml
- Søkestreng/Query: status=%s
BRUKARNAMN og PASSORD skal sjølvsagt erstattast med ditt brukarnamn og ditt passord frå Twitter.
No skal du ha mogelegheita til å kunne skrive “tweet OMG! tanketom er så kul!” i Operaen din for å få opp dine indre, sterke kjensler på twitter.com.
Howto med meir privacy
Om du brukar same maskin som fleire andre er det kanskje litt dumt å la browseren din stå med brukarnamn og passord i innstillingane dine (irriterande lillebrødre og slikt). Det er også ein versjon der du må skrive inn brukarnamn og passord sjølv. Den einaste reelle forskjellen er at du skriv:
- Adresse/Address: http://twitter.com/statuses/update.xml
i staden for:
- Adresse/Address: http://BRUKARNAMN:PASSORD@twitter.com/statuses/update.xml
Dette vil gi deg ein boks som du må skrive inn brukarnamn og passord før Tweeten din blir godkjent.
Denne er skriven for Opera, men eg vil tru at du kan bruke dei same adressene og spørjingane også i Firefox eller andre browserar med mogelegheita for eigenproduserte søkefunksjonar.
Nok ein gang, takk til Jonas og geeneeyes frå Opera-forumet.
Liknande artiklar
- Fleire profilar på ei gmail-adresse - Guidar
- Opera 2: Tilpasningsdyktig - Guidar
- Dagbladet twitrar - Internett
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett
- Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud - Guidar