TVTropes – It’s a trap!
Vil med denne lille artikkelen kome med ein hyllest til nettstaden TVTropes.org, ei av dei artigaste wiki-prosjekta eg veit om. TVTropes er ein wiki for å samle alle troper (gjengåande mønster, tema eller karakterar) i populærkulturen, og gi dei eit spiffy og interessant namn.
Resultatet – iallfall for popkulturnerdar som meg – er at eg blir sitjande kjempelenge og klikke, fordi eg kjenner meg igjen i alt som står der. XKCD har sjølvsagt referert til dette:

Det eksisterar også andre hyllestar til trope-fenomen som dette, blant anna The Grand List Of Console Role Playing Game Clichés, og South Park-episoden Simpsons Already Did It (som du blant anna kan sjå her).
Liknande artiklar
- links for 2009-06-15 - Surfefunn
- Tankesludd: Eit engelsk ord for “døgn” - Tankesludd
- Webcomics – både andre sine og berre mine - AnbefalingarInternett
- links for 2009-09-23 - Surfefunn
- Kreativblogger – egad, a meme - Nyheiter