Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Til alle Googlarar der ute

sure kvinnfolk? google er di løysing! eller?

Tenkte eg skulle trekke fram kva folk søker på når dei ploppar opp i bloggen min, både gode og dårlege treff. Og ja, dette er også ei anledning for meg til å trekke fram tidlegare ting eg har skrive.

tanketom:

Kanskje inga overrasking, er nok mange som søker tanketom i staden for å skrive “.net” på slutten.

drivhuseffekten:

Kjem nok frå saka om Design Can Change er skreiv under Blog Action Day.

bruke pixelmator tanketom

Oppstod i saka om min favorittprogram til Mac. Diverre er det ikkje mykje hjelp å få i den artikkelen, men expertvillage har mykje bra Pixelator-tutorials

andreas hadsel opsvik

Namnet mitt! Mamma, slutt å google namnet mitt.

korgmøbler

IKEA-saka mi. Utan tväk!

uwe boll

Verdas dårlegaste beste regissør, Uwe Boll, har eg skrive om, ja.

sexdamer

“Diverre”, dei har eg nok ikkje skrive om.

korsakoffs syndrom

Ein permanent, mild hjerneskade som kan kome av stort inntak av alkohol og gjentekne slag mot hovudet. Oppsto gjerne hjå piratar.

block opera

Me satsar på at det er snakk om blokking av reklame i Opera, noko eg har skrive om her

webcomics

Eg skreiv om mine favorittwebcomics for ei tid tilbake. Kanskje eg skal lage ein til, snart?

min favorittbok

Eg har også skrive om mine favorittbøker

hovefestivalen

Hovefestivalen har eg skrive om fleire gonger.

katten sit i tunet når du kjem / “snakk litt med katten”

I samaheng med Hauge/Tveit-jubiléet i år skreiv eg om t-skjortene til Aasentunet.

kvasir

*grøss* Kvasir sitt nøkkelhol er skummelt.. “sure kvinnfolk” gir meg forresten framleis treff frå søkemotorane.

songbird

Songbird er ein open-source, Mozilla-basert musikkavspelar som ein kan gjere mykje gøy i.





Denne posten er forresten litt meir enn litt inspirert av Jo Christian Oterhals sin bloggpost om dei som bommar i Google.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Wednesday 30. July 2008 , og er arkivert under Nyheiter. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

5 kommentarar på “Til alle Googlarar der ute”

  1. GravatarJo Christian Oterhals skriv:


    Takk for lenke til bloggposten min!

    Jeg håper jeg ikke ufrivillig har skapt en meme-bølge ;-)

  2. Gravatartanketom skriv:


    @Jo Christian Oterhals: Time will sjåvv ;)

  3. Gravatarmams skriv:


    som om eg brukar google til slikt…

    du veit eg har andre søkemotorar som gjev svar på det eg søkjer…

    med ferierande helsing

  4. GravatarAleksandersen, Daniel skriv:


    Du kan jo lage et tillegg for WordPress som poster hvordan den enkelte fant nettsiden din sammen med kommentaren. Se for deg informasjonshodet under:

    «Tom Tommesen (via søket “Googlarar”)
    Søndag, 2008-08-03 kl. 17.»

  5. Gravatartanketom skriv:


    For så vidt ein god idé, Daniel! Berre ei lita hake, me får håpe ingen søkjer seg fram med ordet “sexdamer” ;)

    Det kan kanskje vere eit avhakingsspørsmål, slik som CommentLuv-tillegget?

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon