Til alle Googlarar der ute

Tenkte eg skulle trekke fram kva folk søker på når dei ploppar opp i bloggen min, både gode og dårlege treff. Og ja, dette er også ei anledning for meg til å trekke fram tidlegare ting eg har skrive.
tanketom:
Kanskje inga overrasking, er nok mange som søker tanketom i staden for å skrive “.net” på slutten.
drivhuseffekten:
Kjem nok frå saka om Design Can Change er skreiv under Blog Action Day.
bruke pixelmator tanketom
Oppstod i saka om min favorittprogram til Mac. Diverre er det ikkje mykje hjelp å få i den artikkelen, men expertvillage har mykje bra Pixelator-tutorials
andreas hadsel opsvik
Namnet mitt! Mamma, slutt å google namnet mitt.
korgmøbler
IKEA-saka mi. Utan tväk!
uwe boll
Verdas dårlegaste beste regissør, Uwe Boll, har eg skrive om, ja.
sexdamer
“Diverre”, dei har eg nok ikkje skrive om.
korsakoffs syndrom
Ein permanent, mild hjerneskade som kan kome av stort inntak av alkohol og gjentekne slag mot hovudet. Oppsto gjerne hjå piratar.
block opera
Me satsar på at det er snakk om blokking av reklame i Opera, noko eg har skrive om her
webcomics
Eg skreiv om mine favorittwebcomics for ei tid tilbake. Kanskje eg skal lage ein til, snart?
min favorittbok
Eg har også skrive om mine favorittbøker
hovefestivalen
Hovefestivalen har eg skrive om fleire gonger.
katten sit i tunet når du kjem / “snakk litt med katten”
I samaheng med Hauge/Tveit-jubiléet i år skreiv eg om t-skjortene til Aasentunet.
kvasir
*grøss* Kvasir sitt nøkkelhol er skummelt.. “sure kvinnfolk” gir meg forresten framleis treff frå søkemotorane.
songbird
Songbird er ein open-source, Mozilla-basert musikkavspelar som ein kan gjere mykje gøy i.
Denne posten er forresten litt meir enn litt inspirert av Jo Christian Oterhals sin bloggpost om dei som bommar i Google.
Liknande artiklar
- Songbird 0.2.5 - AnbefalingarMusikk
- Kvasir sitt nøkkelhol - HumorInternett
- Blog Action Day - InternettPolitikk
- Statistikk - Sidenyheiter
- YouTube oppkjøpt av Google - BloggNyheiter