Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud

Det fins gode vevsidereglar, og det fins dårlege vevsidereglar. Her er dei 5 beste dårlege vevsidereglane.

#1 - Ikkje gi brukaren nyttig innhald

#1.1 - På Linuxbloggen din vil alle også vite alt om katten din.
Eller? Seriøst, sida di er ingen ting utan innhald. Om den siste bloggen din ikkje var nyttig for brukaren din på nokon måte, kvifor legge den der? Om du ikkje kan oppdatere sida di (i det minste litt) regelmessig med nyttig innhald, kvifor ha den der?

#1.2 - Dei fleste av bloggane på sida di bør vere av typen, “Sorry at eg ikkje har skreve noko i det siste”
Kvifor gjere dette? Om ein brukar kjem inn på sida di og ser at dei 3 siste nyheitene er “Lenge sidan siste update, har vore oppteken”, “Sorry at eg ikkje har skreve noko i det siste” og “Modemet fucka - kjem snart tilbake”, vil dei då sjå kor mykje anna du ikkje har på sida di?

#2 - Gjer sida di lite aksessibel

#2.1 - Ikkje ha eit fast menysystem
Altså: Om brukaren din ikkje veit kvar han er, kvar han skal, kvar han har vore og kvifor han er på sida di, så mistar du raskt eit stykk brukar.

#2.2 - Bruk kun Flash til å lage sida di
Jada, det ser pent ut, men det manglar mange ting. Om du vil bookmarke noko i ei Flash-side, korleis gjer du det? Om du skal kopiere noko (f.eks. skrift) frå ei rein Flash-side, korleis gjer du det? Jada, ein Flash-header og i verste fall ein meny i index-sida di går fint, men ver så snill, dette er ei mørk side du ikkje vil falle til (no cookies!).

#2.3 - Bruk kun tables til å lage sida di
Tables er “so last year” og veldig tungt å lese, vanskeleg å lese rett i alle browsers. Innhald som står i tables blir lest feil av søkemotorar som trur at det er, nettopp, ein tabell. Tabulære data, som tippeligatabellen, er fortsatt lov til å ha i ein tabell.

#2.4 - Ver sikker på at linkane dine ikkje fungerar
Knekte linkar er ikkje koseleg. For å unngå dette kan du for eksempel bruke denne.

#3 - Bruk tung kode

#3.1 - Pop-ups er kult
Vik frå meg, du onde satan! *Kaste W3C-vatn*

#3.3 - Bruk Javascript til alt! Også hover på linkar og alt slikt!
Javascript fungerar bra til mykje, men på hover-effektar er CSS mykje betre.

#3.4 - Bruk flest mogeleg applets på sida di
Tre Java-applications med spel, ein youtube-video, 3 flashfilmar som visar ein feit mann som dansar, i tillegg til lydfiler som ein ikkje kan skru av og stjerner som følger etter musepeikaren, er ikkje ein god måte å halde brukarar ved sida di. La heller slike ting vere tilgjengelege ved linkar til “Underhaldning” og så vidare.

#3.5 - Photoshop(slicing)++Dreamweaver == Notepad
Nei! Ja, photoshopslicing ser bra ut (Om du til slutt klarar å få det likt i alle browsers). Ellers er det ein tung måte å lage nettsider på. Kvifor skal du ha eit stort einsfarga, grønt bilete som bakgrunn når du kan definere ein flate i CSS med background: #00ff00;? Nei, CSS is king. Les meir om XHTML og XHTML/CSS-design.

#4 - Bruk for mykje design

#4.1 - Bruk alle fontar du kan finne, samtidig!
For å halde ein heilskap i ei nettside vil eg ikkje anbefale meir enn 4 fontar, og då for eksempel ein type font i overskrifter (Times New Roman hjå meg), ein type i bilder (HoratioDMed hjå meg), og ein lett-leseleg for tekst (Verdana hjå meg). Og hint, hint! Ikkje alle har alle fontar, så når du seier at noko skal visast som “Visitor”, så vil maskiner uten “Visitor” vise Times eller noko slikt.

#4.2 - Bruk mange banner
Å tene pengar på reklame kan vere ein god idé, men aldri gjer det for mykje. Blinkande Flash-banner (spesielt dei som lagar lyd) skremmer oftare brukaren vekk frå sida, enn det får den til å trykkje på den. GoogleAdSense er respektabelt og pent for auga.

#4.3 - Bruk splash-sider
Når ein brukar kjem til sida di forventar han informasjon straks. Splash-sider (opningssider med ein logo og “enter here”)er ikkje ein god måte å gjere det på. For det første må brukarar med lav oppkoplingshastigheit gå gjennom enda ei side, for det andre gjer det nettsida di umogeleg (praktisk talt) for Google og andre å finne, sidan den ikkje finn noko interessant i index-fila di.

#4.4 - Bruk den kulaste bakgrunnen du finn som bakgrunn bak teksten din
Ja, det kan vere fristande å legge til kule designelement bak tekst, men ver snill og ver snill med folk som for eksempel ikkje ser så godt, bruk ein einsfarga (så godt som) bakgrunn bak tekst og la alle lese kva du skriv.

#5 - Å skrive riktig er ikkje gøy

#5.1 - HALD INNE CAPS LOCK_KNAPPEN NÅR DU SKRIV!!!!!!
Nei… Denne skjønnar du kvifor…

#5.2 - Kem bryr se vell om rett skriving!
Vel, alle saman, kanskje? Dialekt er utruleg slitsomt å lese. D same r SMS zpråk lzzm.

#5.3 - Avsnittsdeling er for pyser!
Bruk avsnitt. Enter er ein fin tast, <br/> også. Store bolkar med tekst (for eksempel er denne artikkelen no eigentleg litt for lang), og spesielt om dei ikkje er oppdelt, er forferdeleg for auget å lese på tekst.

Eg håpar at du har latt vere å lære noko av dette…

Om du føler at di nettside ikkje følger nokre av desse retningslinjene, så kan du gjerne legge den knappen ein stad på sida di:

tanketom5

Kode for knappen:

<a href=”http://tanketom.net/skriv-om/
tanketomme-vevlovar-dei-5-irritasjonsbud/” target=”blank”>
<img src=”http://tanketom.net/bileter/tanketom5.png” alt=”tanketom5″ />
</a>






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Thursday 25. January 2007 , og er arkivert under Guidar. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

7 kommentarar på “Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud”

  1. Gravatarsveino skriv:


    Ikkje dum den der.
    Men du bør “brøsja” opp nynorsken din, kar, jfr. punkt 5.2

    Det heiter t.d. “Legg att ein kommentar”…

    Men som sagt; mange bra observasjonar.

  2. Gravatartanketom skriv:


    No skal det seiast at det meste av nynorsken her er “default” i det nynorske skinet til Wordpress, men eg får ta ein kikk på det og “brøsje” opp litt, “æs ju inglishmæn sei”.

    Hemingway, brorparten av mine bokmålsskrivande lesarar ser ikkje forskjellen like vel :P

  3. GravatarSylfest skriv:


    Men det er det andre som gjør… Slikt skal ein ikke kjimse av! Du lyt vere konsekvent med målformen gut.

  4. GravatarCavey skriv:


    Artig! Utrolig morsomt og bra skrevet! I tillegg bør du ha noe om skalering av bilder med html (les: toppbildet til denne artikkelen, hint-hint). På #2.4 tror jeg du har glemt å linke til noe? Kjenner meg igjen i mye her. F.eks. å måtte skrive av adresser manuelt, fordi noen luringer har skrevet adressen sin hardkodet i en fancy flash-fil… Eller du har navigert dypt dypt dypt inn i en flash-site, og er uheldig å reloade siden. Med mystery-navigation, er det selvsagt umulig å finne frem til der du var…
    *Kaste W3C-vatn*

  5. Gravatartanketom skriv:


    Takktakk :)

    Har no fiksa linken som skulle vere i #2.4, samt retta nokre skriveleifar og nokre gamle linkar. Kasta dei gamle historiene mine inn på wordpressgreiene utan å tenkje så mykje, greit å kaste lys på det.

    Flash er djevelens verk. Utan tvil. Som Bekkelund skriv: “Nettstedet ditt tilhører ikke deg”, men brukarane dine. Det er brukarane dine du skal godgjere, ikkje deg sjølv.

  6. GravatarCavey skriv:


    Hmm… jeg skrev noe mer etter *Kaste W3C-vatn*. Jeg skrev at det var hysterisk morsomt skrevet eller noe slikt. Men jeg tegnet en pil mot den, og tenkte ikke på at det ville bli sensurert som html-tag :)

  7. Gravatartanketom skriv:


    ^^ Haha, det får ikkje eg fram igjen heller :P (trur eg)

    Uansett så er dei headbilda mine som er for rare størrelsar ikkje resiza, men berre lagt i ein div som er litt mindre enn seg sjølv. Dette fordi den forrige sida mi var breiare enn dette.

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon