Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud

Det fins gode vevsidereglar, og det fins dårlege vevsidereglar. Her er dei 5 beste dårlege vevsidereglane.
#1 – Ikkje gi brukaren nyttig innhald
#1.1 – På Linuxbloggen din vil alle også vite alt om katten din.
Eller? Seriøst, sida di er ingen ting utan innhald. Om den siste bloggen din ikkje var nyttig for brukaren din på nokon måte, kvifor legge den der? Om du ikkje kan oppdatere sida di (i det minste litt) regelmessig med nyttig innhald, kvifor ha den der?
#1.2 – Dei fleste av bloggane på sida di bør vere av typen, “Sorry at eg ikkje har skreve noko i det siste”
Kvifor gjere dette? Om ein brukar kjem inn på sida di og ser at dei 3 siste nyheitene er “Lenge sidan siste update, har vore oppteken”, “Sorry at eg ikkje har skreve noko i det siste” og “Modemet fucka – kjem snart tilbake”, vil dei då sjå kor mykje anna du ikkje har på sida di?
#2 – Gjer sida di lite aksessibel
#2.1 – Ikkje ha eit fast menysystem
Altså: Om brukaren din ikkje veit kvar han er, kvar han skal, kvar han har vore og kvifor han er på sida di, så mistar du raskt eit stykk brukar.
#2.2 – Bruk kun Flash til å lage sida di
Jada, det ser pent ut, men det manglar mange ting. Om du vil bookmarke noko i ei Flash-side, korleis gjer du det? Om du skal kopiere noko (f.eks. skrift) frå ei rein Flash-side, korleis gjer du det? Jada, ein Flash-header og i verste fall ein meny i index-sida di går fint, men ver så snill, dette er ei mørk side du ikkje vil falle til (no cookies!).
#2.3 – Bruk kun tables til å lage sida di
Tables er “so last year” og veldig tungt å lese, vanskeleg å lese rett i alle browsers. Innhald som står i tables blir lest feil av søkemotorar som trur at det er, nettopp, ein tabell. Tabulære data, som tippeligatabellen, er fortsatt lov til å ha i ein tabell.
#2.4 – Ver sikker på at linkane dine ikkje fungerar
Knekte linkar er ikkje koseleg. For å unngå dette kan du for eksempel bruke denne.
#3 – Bruk tung kode
#3.1 – Pop-ups er kult
Vik frå meg, du onde satan! *Kaste W3C-vatn*
#3.3 – Bruk Javascript til alt! Også hover på linkar og alt slikt!
Javascript fungerar bra til mykje, men på hover-effektar er CSS mykje betre.
#3.4 – Bruk flest mogeleg applets på sida di
Tre Java-applications med spel, ein youtube-video, 3 flashfilmar som visar ein feit mann som dansar, i tillegg til lydfiler som ein ikkje kan skru av og stjerner som følger etter musepeikaren, er ikkje ein god måte å halde brukarar ved sida di. La heller slike ting vere tilgjengelege ved linkar til “Underhaldning” og så vidare.
#3.5 – Photoshop(slicing)++Dreamweaver == Notepad
Nei! Ja, photoshopslicing ser bra ut (Om du til slutt klarar å få det likt i alle browsers). Ellers er det ein tung måte å lage nettsider på. Kvifor skal du ha eit stort einsfarga, grønt bilete som bakgrunn når du kan definere ein flate i CSS med background: #00ff00;? Nei, CSS is king. Les meir om XHTML og XHTML/CSS-design.
#4 – Bruk for mykje design
#4.1 – Bruk alle fontar du kan finne, samtidig!
For å halde ein heilskap i ei nettside vil eg ikkje anbefale meir enn 4 fontar, og då for eksempel ein type font i overskrifter (Times New Roman hjå meg), ein type i bilder (HoratioDMed hjå meg), og ein lett-leseleg for tekst (Verdana hjå meg). Og hint, hint! Ikkje alle har alle fontar, så når du seier at noko skal visast som “Visitor”, så vil maskiner uten “Visitor” vise Times eller noko slikt.
#4.2 – Bruk mange banner
Å tene pengar på reklame kan vere ein god idé, men aldri gjer det for mykje. Blinkande Flash-banner (spesielt dei som lagar lyd) skremmer oftare brukaren vekk frå sida, enn det får den til å trykkje på den. GoogleAdSense er respektabelt og pent for auga.
#4.3 – Bruk splash-sider
Når ein brukar kjem til sida di forventar han informasjon straks. Splash-sider (opningssider med ein logo og “enter here”)er ikkje ein god måte å gjere det på. For det første må brukarar med lav oppkoplingshastigheit gå gjennom enda ei side, for det andre gjer det nettsida di umogeleg (praktisk talt) for Google og andre å finne, sidan den ikkje finn noko interessant i index-fila di.
#4.4 – Bruk den kulaste bakgrunnen du finn som bakgrunn bak teksten din
Ja, det kan vere fristande å legge til kule designelement bak tekst, men ver snill og ver snill med folk som for eksempel ikkje ser så godt, bruk ein einsfarga (så godt som) bakgrunn bak tekst og la alle lese kva du skriv.
#5 – Å skrive riktig er ikkje gøy
#5.1 – HALD INNE CAPS LOCK_KNAPPEN NÅR DU SKRIV!!!!!!
Nei… Denne skjønnar du kvifor…
#5.2 – Kem bryr se vell om rett skriving!
Vel, alle saman, kanskje? Dialekt er utruleg slitsomt å lese. D same r SMS zpråk lzzm.
#5.3 – Avsnittsdeling er for pyser!
Bruk avsnitt. Enter er ein fin tast, <br/> også. Store bolkar med tekst (for eksempel er denne artikkelen no eigentleg litt for lang), og spesielt om dei ikkje er oppdelt, er forferdeleg for auget å lese på tekst.
Eg håpar at du har latt vere å lære noko av dette…
Om du føler at di nettside ikkje følger nokre av desse retningslinjene, så kan du gjerne legge den knappen ein stad på sida di:
Kode for knappen:
<a href=”http://tanketom.net/skriv-om/
tanketomme-vevlovar-dei-5-irritasjonsbud/” target=”blank”>
<img src=”http://tanketom.net/bileter/tanketom5.png” alt=”tanketom5″ />
</a>
Liknande artiklar
- Endeleg IE6! Og eit forseinka påskeegg - Sidenyheiter
- Kva ****? Tanketom, det er noko gale med bloggen din! - Internett
- Naken i morgon? - Internett
- Web2.0 – Internett i utvikling - Nyheiter
- Praisegoogle.com - SidenyheiterVevDesign
