Tankesludd: Google Web History

Kor glad er eg i Google, sa du?
Google Web History (GWH) er tenesta til Google som skal sørge for at du får ei meir personifisert søketeneste, ved å sjå kva du søker på, og kva du seinare klikkar deg vidare på. Denne tenesta er aktiv så lenge du er innlogga på Google-kontoen din (som for meg er stort sett alltid).
Dette har eg visst ei stund. Det eg derimot ikkje visste, var kor mykje ein kan trekkje ut av den faktiske nett-tenesta deiras.
Sidan mai 2007:
- Eg har googla utrulege 12439 gonger
- Noko som tilsvarar i gjennomsnitt i overkant av 23 gongar om dagen
- Eg googlar mest rundt klokka 2 på dagen, og klokka 12 om kvelden
- Eg er egosentrisk, og “tanketom” er frasa eg har søkt mest på
- Wikipedia, henhaldsvis engelsk og norsk, tronar øverst på sidene eg har klikka meg vidare på
- Etter dette følgjer imdb.com, youtube og urbandictionary
Liknande artiklar
- Statistikk - Sidenyheiter
- tanketom.net er 1 år, kven er du? - Sidenyheiter
- Praisegoogle.com - SidenyheiterVevDesign
- Naken i morgon? - Internett
- YouTube oppkjøpt av Google - BloggNyheiter