Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Tankesludd: Eit engelsk ord for “døgn”

Det har “lenge” vore til irritasjon for meg og Merete (leiar for Årdal Målgerilja) at det ikkje eksisterar eit engelsk ord for “døgn”. Så ein dag fant me ut at me skulle finne på eit godt ord for det.

Det har seg slik at det engelske vokabularet, trass all sin rikdom, ikkje har noko så “enkelt” som eit reint ord for “døgn”, altså eit fellesbegrep om eit tidsrom på 24 timar, slik som til dømes alle dei skandinaviske språka har.

Dei har ordet “Day”, som også kan bli brukt om ei periode på 24 timar, men som stort sett blir brukt om “dagtid”, i motsetning til “natt”.

Etter litt roting fram og tilbake, blant anna var me innom dower (teke) og dight (teke), kom me fram til “a twilve”. Twilve er ei samanfatning av orda two/twi- (som betyr to) og twelve (som betyr tolv), altså to gongar tolv.

Eit døgn - A twilve
tanketom og grasnaut

Som i det norske språket, må ordet sjølvsagt også kunne brukast som verb, som i “å døgne”. Me sette difor opp eit bøygingsskjema;

infinitiv - å døgne - to twilve
presens - eg døgnar - I’m twilving now
preteritum - i går døgna eg - yesterday I twolved
perfektum - eg har døgna - I’ve been twilving
futurum - eg skal døgne - I’m going to twilve
imperativ - døgn! - twolve!

Vårt nye verb måtte sjølvsagt vere uregelmessig, det var faktisk ingen veg utanom. Det blei derimot diskutert rundt nødvendigheita til ei imperativsform, og ikkje minst om ei slik form eigentleg eksisterte på norsk, men me valgte å ta den med like vel.

Pluskvamperfektum partisipp kan ta rennefart..

Så, no eksisterar det. Eit engelsk ord for “døgn”. Ord blir ikkje teke med i Oxford Dictionary før folk byrjar å bruke det, så vekas oppdrag er å bruke dette ordet (med største sjølvfølge) i ei engelsk setning. Kanskje lir det ein gong same skjebne som d’oh?

Dette blei forresten eit frykteleg langt Tankesludd






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Thursday 10. April 2008 , og er arkivert under Tankesludd. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

4 kommentarar på “Tankesludd: Eit engelsk ord for “døgn””

  1. GravatarMerete skriv:


    Eg føler ein veldig trong til å sende dette framlegget til ein eller annan gluping i Oxford English Dictionary allereie no. Bruk det nye ordet! TWOLVE!

  2. GravatarPetter Holstad skriv:


    Ja, endelig har me eit skikkeleg ord for det. Eg skal bruke det neste gang eg treng det :-)

  3. GravatarObdormio skriv:


    Dette var eit godt tiltak, men eg kan ikkje la vere å påpeike at på engelsk er imperativsforma av eit verb identisk med infinitivsforma, same kor uregelrett det er. At eg ikkje kan la vere å påpeike dette tyder på at eg faktisk lærte noko på alle forelesingane i fjor, så eg reknar det heile som svært gledeleg.

  4. Gravatartanketom skriv:


    @Obdormio: Det er bra nokon følgjer med! Eg og Merete skal arbeide fram eit meir utdjupa skjema der me tek med både pluskvamperfektum partisipp og innspel frå deg!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon