Tankesludd: Eit engelsk ord for “døgn”
Det har “lenge” vore til irritasjon for meg og Merete (leiar for Årdal Målgerilja) at det ikkje eksisterar eit engelsk ord for “døgn”. Så ein dag fant me ut at me skulle finne på eit godt ord for det.
Det har seg slik at det engelske vokabularet, trass all sin rikdom, ikkje har noko så “enkelt” som eit reint ord for “døgn”, altså eit fellesbegrep om eit tidsrom på 24 timar, slik som til dømes alle dei skandinaviske språka har.
Dei har ordet “Day”, som også kan bli brukt om ei periode på 24 timar, men som stort sett blir brukt om “dagtid”, i motsetning til “natt”.
Etter litt roting fram og tilbake, blant anna var me innom dower (teke) og dight (teke), kom me fram til “a twilve”. Twilve er ei samanfatning av orda two/twi- (som betyr to) og twelve (som betyr tolv), altså to gongar tolv.
Eit døgn – A twilve
tanketom og grasnaut
Som i det norske språket, må ordet sjølvsagt også kunne brukast som verb, som i “å døgne”. Me sette difor opp eit bøygingsskjema;
infinitiv – å døgne – to twilve
presens – eg døgnar – I’m twilving now
preteritum – i går døgna eg – yesterday I twolved
perfektum – eg har døgna – I’ve been twilving
futurum – eg skal døgne – I’m going to twilve
imperativ – døgn! – twolve!
Vårt nye verb måtte sjølvsagt vere uregelmessig, det var faktisk ingen veg utanom. Det blei derimot diskutert rundt nødvendigheita til ei imperativsform, og ikkje minst om ei slik form eigentleg eksisterte på norsk, men me valgte å ta den med like vel.
Pluskvamperfektum partisipp kan ta rennefart..
Så, no eksisterar det. Eit engelsk ord for “døgn”. Ord blir ikkje teke med i Oxford Dictionary før folk byrjar å bruke det, så vekas oppdrag er å bruke dette ordet (med største sjølvfølge) i ei engelsk setning. Kanskje lir det ein gong same skjebne som d’oh?
Dette blei forresten eit frykteleg langt Tankesludd
Liknande artiklar
- Romeo! Oh Romeo! Wherefore art thou twilving!? - Litteratur
- id vs. class - GuidarRessursar
- IOGraph – muserørsletracking - StatistikkTeknologi
- On the matter of twilving… - LitteraturTankesludd
- Sei nei til datalagringsdirektivet! - Politikk