Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Syyk, syyk mann

Berre sånn til å byrje med vil eg gjerne få deklamere eit dikt eg skreiv ein gang eg låg heime og var sjuk

*kremt*

<patos>

Sjuk

Kjenner panna brenne,
trur eg snart skal dø.
Kjenner snøret renne,
ut av nasen rød.

I seng med ekstra teppe,
hovudet er kaputt.
Kjenner røynda gleppe,
tek det aldri slutt.

Noko skjer i magen,
systemet seier kræsj.
Tredje gong for dagen,
kjem frukosten i revers.

Takk, takk..

</patos>

Så til poenget: Eg er sjuk. Influensaen har truffe meg. Den har for tida teke buplass sånn cirka frå den høgre sida av hovudet mitt (Har aldri heilt likt høgresida) til brystkassa, der den kosar seg med å dytte irriterande ting opp i halsen min og gjere hovudet mitt bakfullt.

Eg klarar i augneblinken å setje ze ‘flu’ i sjakk med inntak av drikke og piller (Cola’n'Ibux that is), men den snik seg innpå med jamne mellomrom.

Satsar på å bli frisk innan torsdag, då det er Turbonegerfotografering. Influensaen er vel dermed gode nyheiter for Sjur, min eventuelle erstattar. Men, berre så det er sagt: Eg skal vere rimeleg sjuk (red.anm: døande) før eg trekk meg frå den jobben.

Ønsk meg lukke til, ju guyz.

*harke*






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Tuesday 20. February 2007 , og er arkivert under Nyheiter. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

12 kommentarar på “Syyk, syyk mann”

  1. GravatarMads skriv:


    Dakars! :( *kosepå*
    Også nå som det er ferie (ihvertfall for meg :D)

    God bedring! :)

  2. Gravatartanketom skriv:


    Har ferie neste veke. Null stress :)

  3. GravatarMathias skriv:


    God bedring! Husk å få med deg days of our lives:D

  4. Gravatartanketom skriv:


    Er du også bitt av basillen!? Greip er days-of-our-lives-freak etter nokre månader heime frå alt :P

  5. GravatarMads skriv:


    Mads er litt syk.. bare i hodet da! :)

  6. GravatarSjur skriv:


    *harrhaRrrRrr* My EeeEeEEvil plan has worked! devileyes

  7. GravatarSjur skriv:


    Ja, PS, kjempebra dikt.

    Vil gjerne plassere det i perioden modernismen, der lyrikarane ynskte å uttrykke seg gjennom symbol og ikkje i klartekst. Ser med dette at din “sjukheit” refererer til dine indre demonar, tvistar i deg.

    “…nasen rød” kan bli kun bli sett som eit symbol på tvilen du nærer i ditt indre om julenissens eksistens, da “nasen rød” refererer til hans kompanjong, Rudolf.

    Samstundes dreg du inn referansar til den kalde krigen, med eit “kaldt teppe” som døme.

    “Systemet seier kresj” er eit spark til den sittande regjeringa, og spesielt Øystein Djupedal sitt arbeid med skulesystemet og subsidiane til mediefaga.

    Dette er sterk lyrikk, Andreas. Made my day. :)

  8. GravatarMads skriv:


    HAHAH! Da vet jeg hvor jeg skal sende oppgaven min, hvis jeg får å analysere Sjur! ;)

  9. Gravatartanketom skriv:


    De tek heilt, heilt feil. Diktet er klar kritikk til eit visst køyrelærarfirma i Sogndal. Hallo, eg meinar, eg trudde revers-setninga gjorde det sjølvsagt.

    Bortsett frå den Djupedal-greia er du heilt off. Alle i den familien er jo litt rare ;)

  10. Gravatarpaula skriv:


    god bedring sier jeg, litt for sent. men likevel. er lov å håpe at det teller enda!

  11. Gravatartanketom skriv:


    Eg er heime frå skulen i dag også. Var fotograf på turboneger i går, så eg er sliten :P

    Må vel vere lov det og vel?

  12. Gravatargreipfrukt skriv:


    EYY!! Ingen vits i dra det opp i offentlighet!!
    Og dessuten var det Glamour! Jeg har kommet over det nå! :P

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon