Syyk, syyk mann
Berre sånn til å byrje med vil eg gjerne få deklamere eit dikt eg skreiv ein gang eg låg heime og var sjuk
*kremt*
<patos>
Sjuk
Kjenner panna brenne,
trur eg snart skal dø.
Kjenner snøret renne,
ut av nasen rød.
I seng med ekstra teppe,
hovudet er kaputt.
Kjenner røynda gleppe,
tek det aldri slutt.
Noko skjer i magen,
systemet seier kræsj.
Tredje gong for dagen,
kjem frukosten i revers.
Takk, takk..
</patos>
Så til poenget: Eg er sjuk. Influensaen har truffe meg. Den har for tida teke buplass sånn cirka frå den høgre sida av hovudet mitt (Har aldri heilt likt høgresida) til brystkassa, der den kosar seg med å dytte irriterande ting opp i halsen min og gjere hovudet mitt bakfullt.
Eg klarar i augneblinken å setje ze ‘flu’ i sjakk med inntak av drikke og piller (Cola’n'Ibux that is), men den snik seg innpå med jamne mellomrom.
Satsar på å bli frisk innan torsdag, då det er Turbonegerfotografering. Influensaen er vel dermed gode nyheiter for Sjur, min eventuelle erstattar. Men, berre så det er sagt: Eg skal vere rimeleg sjuk (red.anm: døande) før eg trekk meg frå den jobben.
Ønsk meg lukke til, ju guyz.
*harke*
Liknande artiklar
- Då fór eg til Hove - Anbefalingar
- VVV: coke.no - Internett
- Veketoppen v.42 - Musikk
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
- Sideblikk: Post-apokalyptiske bilar - Film