Surfefunn

Om generell status for sida, og litt oppdateringar og sånt.
Som mine (3?) faste lesarar sikkert har lagt merke til, så har det vore litt daudt her i det siste. Difor har eg byrja å sende ut linkdumpen min (frå delicious.com) som postar. Dette har eg gjort med WP-pluginen WP-o-matic, som kan lage postar i WP frå RSS-feeds.
Litt usikker på om eg likar tenesta slik den fungerar no. Dersom nokon har ein guide til korleis ein kan få enkelte kategoriar til å sjå annleis ut på forsida via templates, så post det gjerne her. Eg veit det skal gå, men eg har ikkje funne ei god løysing enda.
Som sagt, dødtid, på grunn av universitetsoppgåver, studentradio (eg skal vere programleiar for første gong på torsdag, wish me luck), prosjekt som kreativia og litt generell latskap.
Liknande artiklar
- Valgvake - InternettPolitikk
- Surfefunn: links for 2008-10-05 - Surfefunn
- Simpsonize yourself! - HumorInternett
- Sjå, eg meinar også noko om Blogcamp - BloggInternett
- Nytt design - “Lampe” - Sidenyheiter