Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Sumarmusikk

Coverflow

Ronny-Andre har tagga meg for å få vite kva slags musikk eg høyrer på i sumar.

Og det er mykje å velje i. Alt for mykje. Men eg prøvar meg like vel. Assortert sumarrock følgjer:

The Grand - Freeloader

Rock er deileg, og rock med orgel er kanskje deilegare. Denne gjengen slo beina under meg på Hulen i fjor haust, og plata suste inn i samlinga like etter. Sangen har dessutan kubjelle! Kven likar vel ikkje kubjelle!?

Youtube-link

Gluecifer - Reversed

Søte sumar i 2003. Då kjøpte eg Basement Apes, den første Gluecifer-plata mi. Av blodfansen er plata ofte sett litt ned på, men eg har stor sans for den. Og denne sangen er den beste.

Youtube-link

The Wombats - Let’s Dance To Joy Division

Har du prøvd å danse til Joy Division? Det er ikkje så lett! Wombats fekk eg med meg på Hove i år, og eg var ikkje skuffa. Faktisk meinte eg det var den beste konserten på festivalen.

Youtube-link

The Clash - Rock The Casbah

Ah! Sweet 86! Før mi tid, men det gjer ikkje Clash noko verre. “The Only Band That Matters” skuffar ikkje.

Youtube-link

Wolfmother - Joker And The Thief

Små-psykedelisk australsk rock. Du har sikkert høyrt “Woman” om du har spelt Guitar Hero, men har du plukka med deg denne? Deileg!

Youtube-link

Slik! Ganske fornøgd eigentleg. Eg la press på meg sjølv til å ha fem ulike band i tillegg, men eg tykkjer det fungerte ganske bra.

Eg bringer også tradisjonen vidare ved å tagge Maren, Marte og Trine.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Wednesday 16. July 2008 , og er arkivert under Musikk. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Ein kommentar på “Sumarmusikk”

  1. GravatarMarte skriv:


    Du må høre på Cut Copy og Los Compesinos !

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon