Sumarmusikk

Ronny-Andre har tagga meg for å få vite kva slags musikk eg høyrer på i sumar.
Og det er mykje å velje i. Alt for mykje. Men eg prøvar meg like vel. Assortert sumarrock følgjer:
The Grand - Freeloader
Rock er deileg, og rock med orgel er kanskje deilegare. Denne gjengen slo beina under meg på Hulen i fjor haust, og plata suste inn i samlinga like etter. Sangen har dessutan kubjelle! Kven likar vel ikkje kubjelle!?
Gluecifer - Reversed
Søte sumar i 2003. Då kjøpte eg Basement Apes, den første Gluecifer-plata mi. Av blodfansen er plata ofte sett litt ned på, men eg har stor sans for den. Og denne sangen er den beste.
The Wombats - Let’s Dance To Joy Division
Har du prøvd å danse til Joy Division? Det er ikkje så lett! Wombats fekk eg med meg på Hove i år, og eg var ikkje skuffa. Faktisk meinte eg det var den beste konserten på festivalen.
The Clash - Rock The Casbah
Ah! Sweet 86! Før mi tid, men det gjer ikkje Clash noko verre. “The Only Band That Matters” skuffar ikkje.
Wolfmother - Joker And The Thief
Små-psykedelisk australsk rock. Du har sikkert høyrt “Woman” om du har spelt Guitar Hero, men har du plukka med deg denne? Deileg!
Slik! Ganske fornøgd eigentleg. Eg la press på meg sjølv til å ha fem ulike band i tillegg, men eg tykkjer det fungerte ganske bra.
Eg bringer også tradisjonen vidare ved å tagge Maren, Marte og Trine.
Liknande artiklar
- Deileg - Ute i felten
- Vevmem, forklart: Czech Roll - Internett
- Lydbølgjer - Musikk
- Bandit - norsk rockeradio - BloggMusikk
- Veketoppen v.42 - Musikk
Sunday 10. August 2008 klokka 23:02
Du må høre på Cut Copy og Los Compesinos !