Studentradiomedarbeidar

Har teke steget inn i studentmedia! Så lenge som overhovud mogeleg skal eg no leike meg i Studentradioen i Bergen.
Nærare bestemt har eg teke vegen inn i Kinosyndromet, programmet som SRiB sjølv omtalar som levande bileter på radio. Programmet tek for seg nye filmar, gamle filmar, gode filmar, dårlege filmar og alt inni mellom, det vere seg skodespelarar, regissørar og bransjen generelt. Film er verken best på kino, eller heime; det er best på radio.
Legg óg ved mitt første innslag frå radioen, ei anmelding av filmen Space Chimps:
Grøss, eg legg merke til at stemma mi ikkje er sånn den pleier, på den dårlege måten. Eg les framleis litt for mykje opp, men følar eg har klart å halde meg unna det monotone.
Alle bileta i filmen er pressebileter frå filmen Space Chimps, samansett av Kinosyndromet-programsjef, Andreas Oppedal.
Liknande artiklar
- Lydbølgjer - Musikk
- links for 2009-06-04 - Surfefunn
- SPOILERS: Mi meining om slutten på «Inception» - Nyheiter
- Paradokset ved reklame - FilmMedia
- @Kinosyndromet på µblogging - Internett