#Starwarsjulepynt
eller, heimelaga julekorger, for dei kulaste vindauga i gata!
Ei lang natts ferd mot fan-galskap!
Prototyp
I fjor sat eg meg ned og innsåg at det var éin ting eg mangla: Julepynt med Star Wars-tema! Resultatet vart ein halv dags tulling, som førte til at eg sat att med ein litt shoddy R2-D2:

Når ein og tek inn faktoren at det var vesle vesle julaftan, og at eg ikkje var ferdig med å handle inn julegåvene enno, så er det ikkje så rart at det stansa seg litt. Eg lova derimot meg sjølv at eg skulle ta opp att tråden neste jul, og lage nokre fine julekorger.
Eit par timars desemberarbeid seinare, står eg att med dette:

Men, du er her neppe for å bade i oppsynet av min fantastiske julepynt. Mest sannsynleg er du her for å lære korleis ein kan lage Star Wars-julekorger (eller heilt andre julekorger) sjølv.
RTFM
Eg vil i denne guiden ta utgangspunkt i at du allereie har ei viss forståing for korleis ein bretter ei heilt vanleg julekorg (om du ikkje veit det, her er New Mexico State University si oppskrift på julekorger).
Eg tek og utgangspunkt i at du har følgjande:
- Ulike variantar av farga papir, helst i A4-format (og ikkje alt for stivt)
- Ein printer som kan printe A4-ark
- Ein hobbykniv (det går til nøden an med ein tapetkniv om du er varsam, eg vil ikkje anbefale å bruke saks)
- Du får slike for litt over ein 50-lapp på næraste hobbybutikk!
- Sansen for å lage heimelaga ting i papir
- Tolmod og fandom
Utgangspunktet for ei kvar spesielt utforma julekorg er eit mønster som td. dette:
Eg har valgt ei tredeling, sidan det gir nok fridom til utvalg av mønster, samt at det ikkje er for kronglete å flette i etterkant. Figuren ein vil ha inn i mønsteret bør vere ca. kvadratisk, og i utgangspunktet symmetrisk (det går fint an å lage ikkje-symmetriske figurar også, men det krevjer meir arbeid, og eg gidd ikkje forklare det her).
Sidan den skal vere symmetrisk er det og ein fordel om den ikkje er veldig organisk, men dette er ikkje eit krav. Her passar jo Star Wars-figurar inn, sidan det gjerne er uniformshjelmar og robotar ein kjenner lett igjen derfrå. Dei tre eg har valgt å fokusere på her er Darth Vader, C-3PO og ein stormtrooper-hjelm, men du kan i prinsippet ta det meste, så lenge det passar inn i «formelen» (ja, til og med ikkje-Star Wars-motiv).
Å lage korgene
- 1. Print to versjonar på kvar sitt A4-ark (i kvar sin farge)
- I fargevalget kan du gå for to metodar: Julefargar, eller “dei riktige fargane” (ifht. karakterane du lagar)
- Åtvaring: det er nærast umogeleg å sjå strekar printa ut på svart ark! Darth Vader var eit helvete…
- 2. Brette langs den stipla linja, slik at mønsteret kjem på utsida av det bretta arket
- For de som driv med origami: Eg veit eg har merkt den feil, dette er snakk om ein såkalla mountain fold
- 3. Kutte langs dei svarte stripene.
- Darth Vader har ei stripe tvers gjennom andletet, denne skal du ikkje kutte i (det var ein feil frå mi side).
- Ha tolmod, dette er kanskje den viktigaste delen av heile prosessen
- 4. Dei rosa felta skal kun skjerast ut frå den éine av dei to arka.
- Dersom du klipper ut frå båe to, vil det sjå rart ut.
- Ta ei vurdering på kva farge du vil skal skine gjennom den andre, og klipp ut frå det eine arket.
- 5. Flett dei to delene saman.
- Lett å seie, vanskeleg å gjere. Ver varsam og prøv å ikkje rive i arket!
- Tips: Bruk til dømes ein pinsett for å trekkje flettearmer gjennom vanskelege opningar.
Vil du lage ei korg?
Dersom du ynskjer å lage ei tilsvarande korg — Star Wars eller ei — kan du nytte denne malen:

(Trykk for større versjon)
- Du treng eit tofarga, relativt enkelt symbol — sånn ca. kvadratisk — som er 6-7cm stort (til denne malen, du kan skalere opp og ned som du sjølv ynskjer)
- For enkelheits skuld bør det vere symmetrisk, men med litt arbeid går det óg fint med usymmetriske motiv.
- Symmetrilinja går langs den diagonale linja i dokumentet.
No er det din tur!
Lag dine julekorger, enten med Star Wars, eller andre mønster. Ping meg attende, eller legg link til dei i kommentarfeltet, eg vil gjerne sjå kva de får til!
Liknande artiklar
- Star Wars-jubileum - Nyheiter
- Russemerker: ide til ferdig “produkt” - DatakunstHumor
- links for 2009-05-14 - Surfefunn
- links for 2009-06-15 - Surfefunn
- Surfefunn: links for 2008-10-01 - Surfefunn


