Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Spuriøse samanhengar

Rick Astley would never...

There are three kinds of lies - Lies, Damn Lies and Statistics, er eit sitat som ofte blir tillagt Mark Twain (eller statsminister Benjamin Disraeli, alt ettersom). Spuriøse samanhengar er eit levande bevis på at han (eller han) hadde heilt rett.

Spuriøsitet, også kalla påfallande korrelasjonar, er eit uttrykk som blir brukt når to ting verkar å henge saman, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje burde det. Samanhengen kan enten vere fullstendig tilfeldig, eller det kan eksistere ein tredje variabel. Spuriøse samanhengar er noko eg har sansen for, eg likar korleis ein kan manipulere røynda berre ved å skifte ut kva tal ein har i datamaterialet. Det er kanskje eit spesielt interessefelt, men når ein trass alt har komparative studier som studieområde, så må ein kunne utforske skuggesidene også.

Storken

Det er mange eksempel på desse samanhengane. Eit av dei mest kjende eksempela er ei dansk undersøkjing som beviste at dersom ein såg på antalet fødslar utanfor sjukehus, så samsvarte antal storkar i eit område, med storkebestanden. Der det var ein stor storkebestand, ville det óg vere eit større antal born født utanfor sjukehusa. Alle tal og observasjonar peikar mot same resultatet, som kanskje visar at det er noko i dei gamle historiene om storken?

Åneida! Som den observante lesar sikkert bit seg merke i, så er det ein tredje variabel her, som me ikkje har innført: sentralisering. Eg kan med relativt stor sikkerheit hevde at det er fleire sjukehus i urbane strøk, samtidig som me lett kan bevise at storkar stort sett held seg på landet. Dermed vil det i all hovudsak vere lengre for vordande mødre på landet å kome seg til sjukehus (og dermed større sjanse for å føde heime), medan bymødre kan ta seg ein tur innom sjukehuset mellom dagens første og andre decaffe latte.

Iskrem fører til drukningsdød?

Ja, du las rett. Ein bør nok halde seg unna is dersom ein vil kunne unngå vatn i lungene. Forskning visar at folk druknar oftare i periodar då issalget stiger. Eller, var det omvendt? Når ein treng trøyst (til dømes etter eit dødsfall) er is det beste hjelpemiddelen, og difor stig issalget når drukningsraten går opp? Eg trur me sit på grunnlaget til fantastisk ny forskning!

Eller ikkje! Det kan vel alltids vere sumarvarme som gjer til at både issalget, og badende mennesker auker. Dess fleire som badar, dess fleire vil drukne. That’s a fact.

Verdskrigs-statistikk

Spuriøse samanhengar treng ikkje å oppstå i røynda, den kan også kome ved feil stilte spørsmål. Etter innføringa av metallhjelmar under første verdskrig (tidlegare hadde dei brukt luer), auka talet for hovudskader drastisk.

Kvifor? Fordi ein både før og etter innføringa av hjelmen ikkje hadde skilna mellom dødsårsakar. Resultatet av hjelmen var at fleire overlevde hovudskader i krigen. Her ser ein at problemet er kva spørsmål som blir stilt for å skape datamateriale.

Brannbilar og andre spuriøsiteter

Dess fleire brannbilar ved ein skadestad, dess meir omfattande er brannskadene. Betyr det at me kun bør sende ein brannbil til kvar brann? Eller kanskje ingen brannbilar?

Både andelen CO2 i lufta og kriminalitet har auka dei siste tiåra. Førar meir CO2 til auka kriminalitet? Eller skiljer kriminelle handlingar ut meir CO2 enn anna menneskeleg aktivitet?

Fører utprega bruk av mjølk til høgare levestandard? Eller er det høg HDI som fører til utprega bruk av meieriprodukter? Dersom ein ser på dei femten mest mjølkedrikkande landa i verda, så er ni av dei blant dei femten beste landa å bu i (ifølge FN sin HDI-indeks).

Nyare forskning

Så til inspirasjonen for dagens post. Av nyare og meir heimleg forskning kan ein peike på den merkelege samanhengen mellom Sportsklubben Brann sitt resultat i Tippeligaen og Oslo Børs si hovudindeks.

Dét er merkeleg det. Nokon som har ein teori? Er det ein tredje variabel me ikkje ser endå? Er det ein konspirasjon mellom SBK og verdas børsmeglarar? Eller er det rein tilfeldigheit?

Anna lesestoff

Spuriøse samanhengar kan også ha ei logisk, om enn spesiell, forklaring. Eg har tidlegare trekt fram boka Freakonomics, som tek for seg løysinga av mange slike spuriøse samanhengar. Folka bak Freakonomics har også ein blogg. Ellers skriv også William C. Burns mykje lurt om spuriøsitet.

Bileter: Stork Flying av Spacmonster - Graf frå Holberg Fondene - Rick Astley Would Never… by johnbullas





Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Saturday 8. November 2008 , og er arkivert under Humor, Statistikk. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

4 kommentarar på “Spuriøse samanhengar”

  1. GravatarValkyriana skriv:


    Utrolig bra! :D Man kan bevise det meste med statistikk, ja. Jeg ble forøvrig Rick Rolled idag og måtte smile litt da jeg så sirkeldiagrammet ditt.

    Sånn helt på tampen tror jeg du akkurat har gitt meg et helt suverent julegavetips mht Frakonomics! Takk for det! *krysser av på nisselisten*

  2. Gravatartanketom skriv:


    @Valkyriana: Ja, eg elskar det. Og det beste er at det er så mykje materiale å ta av!

    Haha, blir folk framleis rick-rolla? That’s like SO 2007!

  3. GravatarValkyriana skriv:


    Freakonomics lå under juletreet til pappa’n min og min onkel nikke anerkjennende da han så tittelen. ;) Takk for hjelp til julehandelen! Alltid kjekt å kunne gi bort noe som faller i smak og som man deretter kan låne og kose seg med selv. Hi hi!

  4. Gravatartanketom skriv:


    Lån boka og kos deg lenge. Den er nydeleg :)

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon