Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Spock.com - hype anyone?

Spock

Spock, ein søkemotor der du kan leite etter mennesker: Den neste hypen, eller det neste Web2.0-crash-and-burn?

Spock er i og for seg ein artig sak, og den er sjølvsagt Beta, som alt anna Web2.0 er i minst eit år før det blir “ferdig”. Ikkje at det har noko å seie. Gmail har aldri kræsja Opera-en min så ofte som etter at Gmail blei opna for heile verda.

Spock er ein søkemotor for personar som sagt, og poenget med å ha medlemskap er at du då kan gå inn og forandre på det som står om deg sjølv. Men andre mennesker kan også forandre det som står om deg. Dei kan legge til tags om deg, til dømes, “geek” og “student”, som eg har lagt inn om meg sjølv. Ein kan også bruke desse tagane til å legge inn anna informasjon om seg sjølv, til dømes organisasjonar ein er medlem i, kva sivilstatusen er og så vidare.

Ein kan også legge inn bileter, eller legge til nettsider til andre stader det står om deg sjølv, eller den personen du fiksar på.


lista mi over nettsider

Sjølv fekk eg vite om denne sida gjennom NRKbeta, som også har ein meir utfyllande artikkel om Spock. Dei sine 50 invitasjonar byrjar å nærme seg slutten, så eg følger opp med å gi dei 50 første som legg igjen kommentar med fullt (eller tilnærma fullt namn) ein invitasjon til Spock. Ikkje at eg trur det blir 50 altså, men eg har nok av invitasjonar!






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Sunday 29. July 2007 , og er arkivert under Internett. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Ein kommentar på “Spock.com - hype anyone?”

  1. GravatarMathias skriv:


    Hørtes morro ut:)
    Jeg bestiller 1. stk invite til Mathias “Hoppern” Grøtan

    *Hjertelig takk*

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon