Spock.com - hype anyone?

Spock, ein søkemotor der du kan leite etter mennesker: Den neste hypen, eller det neste Web2.0-crash-and-burn?
Spock er i og for seg ein artig sak, og den er sjølvsagt Beta, som alt anna Web2.0 er i minst eit år før det blir “ferdig”. Ikkje at det har noko å seie. Gmail har aldri kræsja Opera-en min så ofte som etter at Gmail blei opna for heile verda.
Spock er ein søkemotor for personar som sagt, og poenget med å ha medlemskap er at du då kan gå inn og forandre på det som står om deg sjølv. Men andre mennesker kan også forandre det som står om deg. Dei kan legge til tags om deg, til dømes, “geek” og “student”, som eg har lagt inn om meg sjølv. Ein kan også bruke desse tagane til å legge inn anna informasjon om seg sjølv, til dømes organisasjonar ein er medlem i, kva sivilstatusen er og så vidare.
Ein kan også legge inn bileter, eller legge til nettsider til andre stader det står om deg sjølv, eller den personen du fiksar på.

lista mi over nettsider
Sjølv fekk eg vite om denne sida gjennom NRKbeta, som også har ein meir utfyllande artikkel om Spock. Dei sine 50 invitasjonar byrjar å nærme seg slutten, så eg følger opp med å gi dei 50 første som legg igjen kommentar med fullt (eller tilnærma fullt namn) ein invitasjon til Spock. Ikkje at eg trur det blir 50 altså, men eg har nok av invitasjonar!
Liknande artiklar
- Fleire profilar på ei gmail-adresse - Guidar
- “Ah, endeleg” - Korleis blokkere Facebook-apps - Internett
- Kva ****? Tanketom, det er noko gale med bloggen din! - Internett
- Nytt design: Tankeprosess og skisser - GuidarRessursar
- Hoosgot a good use for Lazyweb 2.0 - Internett
Sunday 29. July 2007 klokka 10:29 pm
Hørtes morro ut:)
Jeg bestiller 1. stk invite til Mathias “Hoppern” Grøtan
*Hjertelig takk*