Songbird 0.2.5

Når du kjem heim og set på maskina, så fyrar du kanskje opp iTunes, Winamp eller noko liknande. Du har kanskje også last.fm som sjekkar kva musikk du høyrer på og legg den ut på nettet, samt finn musikk som liknar på den du likar, og folk som likar den same musikken som deg.
(eg heiter tanketom på last.fm by the way)
Songbird snakkar nemleg med last.fm. “Wow..”, tenkjer du kanskje, “det kan jo strengt talt iTunes og Winamp også”. Ja, det kan dei begge to. Men ingen av dei har planlagt eit vindu der du direkte kan setje tags inn i sangar frå mediaspelaren, ingen av dei er fullstendig open-source og kan vente seg fantastiske add-ons i tida framover, og ingen av dei har eit fullstendig funksjonabelt nettlesarvindauge som ein for eksempel kan blogge i (eg skriv denne artikkelen i Songbird).
Songbird er ein open-source mediaspelar og nettlesar, noko som på enkel norsk vil tilsvare VLC + iTunes + Firefox = Songbird. Songbird er i BETABETABETA, i skrivande stund 0.2.5, og er foreløbig ganske enkel, og saknar ting, men det kjem meir, og eg tykkjer dette er eit lovande prosjekt. Den er ganske ny, og er for meg allereie ein iTunes-konkurrent (Winamp er ikkje eit alternativ i det heile lenger).
Kan lastast ned her.
Liknande artiklar
- Mine 14 beste Mac-applikasjonar - Anbefalingar
- Macbook Air - Teknologi
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
- iClip - InternettTeknologi
- Mine favorittpodcasts - Internett


