Snart jul

Det er den tida av året igjen. “Snø” i lufta, handball på tv, nissar på kjøpesentera, julemarsipan i kjeften og julebrus ned strupen. Ja, du gjetta riktig, det er snart jul. Her er marsipangrisen din.
Eg veit det har vore ei god stund sidan sist eg skreiv noko. Beklagar det. You know, eksamenar, studieliv og latskap. Slikt som skjer. Men no er det ferie.
Og i desse juletider vil eg rette merksemda dykkar mot ei reklame eg fullstendig har falt for. Me snakkar fullstendig julenostalgi, de luxe, an masse:
Denne filmen samlar saman mange juleminner.
- Mann i raud jakke med kvitt skjegg som ler (julenissen, duh)
- Bambi på isen
- Hovmesteren snubler i tigerhovudet
- Askepott sine julenøtter
- Askepott som mistar den kvite skoen sin
- “Du grønne glitrande tre, god dag”
- “Nå har vi vaska gølvet” og “vi har børi ved”
- Klappeland kjem frå Plutti Plutti Plott
- Den pratsomme jenta er arakuafuglen i filmen der Donald er fuglefotograf
- Ungane lagar snøenglar bak eit skjul (”Englar dalar ned i skjul”)
- “Pluto” bjeffar på ekorna “Snipp og Snapp”
- “Reven raskar over isen”
- Tre vise menn på vegen til stallen?
- Julestjerna
Var sikkert nokon eg gjekk glipp av, men de skjønar poenget. Eg likte denne filmen! Julestemning på 1 minutt, just add water! God jul!
Liknande artiklar
- Paradokset ved reklame - FilmMedia
- Songbird 0.2.5 - AnbefalingarMusikk
- Studentradiomedarbeidar - FilmMedia
- Cloud Number Nine - heimelaga teiknefilm - Film
- Det gylne kompasset - Internett