Sjå, eg meinar også noko om Blogcamp
I det siste har det vore mykje oppstuss i bloggosfæra rundt denne Bloggcampen, faktisk så mykje at “raudstrømpene”, “halve Ottar” og resten av sauene har byrja tanken på organisering av sitt eiget bloggmøte. Eg veit ingen har spurt meg om mi meining, men det er dette som er kos med blogging, ein kan seie det ein vil.
Greia er nemleg at bloggaren MillionEuroMan (Bjørn Kenneth Muggerud) har starta organiseringa av Oslo Bloggcamp der han (offentleg, stort sett berre) har invitert Blondinbella (du veit ho svenske? som.. nei?). Stasen kostar 1800 kroner, der buutgifter kjem i tillegg. Pluss/minus 4000 med andre ord.
Om han er ein svindlar eller ei, skal eg ikkje uttale meg om. Eg pleier å tru det beste om mennesker, og her trur eg heller at Muggerud har feilberekna publikumet sitt litt. Dette verkar på meg mest som ein målgruppebommert.
Mi erfaring med sosiale samkvem og organisasjonsmøter er dette; folk som tenkjer penger prøver gjerne å imponere folk til å kome med t.d. fine hotell, god mat, raske damer og fine biler. Og det er slik det verkar på meg når Muggerud inviterar den norske bloggosfæra til Oslo. Og det er dette som ikkje ser ut til å fungere særleg bra.
Samtidig, så har eg hatt det fantastisk artig på arrangement der eg har sove i klasserom, hatt forelesningar i skuleauditorium og satt på graset og diskutert etterpå. Kall meg gjerne ei raudstrømpe altså..
Når nokre av menneska du ynskjer å ha med på arrangementet ditt i staden byrjar tanken på sitt eiget arrangement som er billegare og meir opent, så har du problemet ditt akkurat der. Han har ikkje funne ut kva blogg-Noreg har lyst på enda. Eg trur ikkje me er klare for eit problogger-treff (det er rett og slett ikkje nok av dei), men eg trur dei er klare for sosialt samkvem seg i mellom som ikkje foregår på tastaturet. Noko mindre formelt enn mat og forelesningar på flotte hotell i Oslo, kanskje?
4000 kroner er gjerne ikkje så mykje for folk som tener mange tusen i månaden på bloggen sin (eller..), men det er gjerne det for ein student i Bergen, ein moteblogger frå Trondheim og så vidare. Probloggermiljøet i Noreg er for lite for dette trur eg, og eit knapt-eksisterande program, ein dato og ei sum pengar gjer ikkje dette betre for dei andre som ynskjer å delta.
Har du tankar rundt eit bloggtreff, legg igjen ein kommentar i posten for Virrvarr sitt drømmeprogram eller i MillionEuroMan sin forslagspost.
Ellers har Martin Bekkelund mange gode poeng rundt hendingane, Blogcampen og MillionEuroMan.
Liknande artiklar
- God jul! - Blogg
- @Kinosyndromet på µblogging - Internett
- Cloud Number Nine – heimelaga teiknefilm - Film
- Bandit – norsk rockeradio - BloggMusikk
- Omkalfatring - Sidenyheiter