Simpsonize yourself!

I vente av den store Simpsons-filmen som eg for tida går rundt og håpar på at skal vere bra, har 20th Century Fox opna ei nettside med forskjellige godsaker. Ein av finessene ved sida er ein “Create Your Simpsons Avatar”. Slikt må ein jo teste.
Men korleis?
Gå til Simpsonsmovie.com.
Trykk på denne knappen.
![]()
Og mikkedur med funksjonane!
Dette er resultatet. Ein tanketom Simpsonsfigur med dei nerdete brillene, litt for rotete hår, fårete smil, t-skjorte og dongeribukse.
No er eg Simpsonized! Kva meir kan ein ynskje seg? No veit iallfall 20th Century Fox kven dei skal spørje om dei skulle få bruk for ein nerdete, skandinavisk tastetrykkar i ein av episodane!
Matt Groening? You out there? Call me, man! I’m all in!
Post link til ditt resultat under om du vil!
Liknande artiklar
- Den siste månaden - Sidenyheiter
- Fleire profilar på ei gmail-adresse - Guidar
- Hoosgot a good use for Lazyweb 2.0 - Internett
- Nytt design – “Lampe” - Sidenyheiter
- Surfefunn - Nyheiter