Sideblikk: Luksusproblem
eller, biblioteka har skjønt det, veit du…
Blant samlarar og perfeksjonistar er det spesielt éi scene i High Fidelity som gir inntrykk. Dick (Todd Louiso) finn Rob (John Cusack) sitjande på golvet mellom musikkalbuma han er i ferd med å organisere. «Kva system går du for?» undrast Dick. «Ikkje kronologisk, ikkje alfabetisk». «Nei, det er autobiografisk. Sortert etter rekkjefølgja dei vart kjøpt i». Dick er mektig imponert. Rob held fram med å sortere livets små og store hendingar inn i livsløpet som skal danne rekkjefølgja på vinylsamlinga hans, og resultatet er ein av dei beste romantiske komediane eg veit om.
Like ambisiøs som Rob er eg diverre ikkje. Då eg flytta saman med sambuaren min stod me framfor den framtidige DVD-hylla. Det var ho som hadde idéen: «Kvifor ikkje sortere dei etter farge?» Me sette i gang. Marinblå vart sortert frå dei asurblå, oker frå umbra, og karmosin frå dei purpurraude, med mål om ei stove verdt ei heilside i eit kva som helst interiørblad. Resultatet vart skuffande.
Om det er på grunn av einsidig filmsmak eller fordi me trass alt ikkje er eit modellpar i eit modellhus i Bolignytt veit eg ikkje, men sanninga er at dei fleste DVD-ar ser ganske keisamme ut. Som følgje av dette var hylla delt i to like store delar — keisamt svart/kvitt, og regnbogefarga. Dog, hadde skuffande utsjånad vore det verste med dette systemet, hadde eg sikkert behaldt det lenger enn eg gjorde.
Neste filmkveld hender følgjande: Eg vil sjå Batman Begins, og begir meg inn i samlinga mi. Motet mitt fell raskare enn M. Night Shyalaman si karriere. Å finne Batman Begins i samlinga av anonyme, svarte filmryggar med kvit skrift fell kjapt inn i same arbeidsmengde som å finne ei knappenål i eit litermål med tørt gras: Ikkje umogeleg, men såpass irriterande at du vert nødt til å kome med høyrbare irritasjonsutsagn. Dette viste seg å vere eit tilbakevendande problem. Og, i ein tidsalder der sjølv mjølkekartongen har skrukork, måtte det gå som det gjekk.
Etter ein dag å ha leitt meg grønn i den blå delen av spekteret svartna det for meg, og i ein time med rein utagering sorterte eg filmane slik eg prinsipielt meinar at slike ting eigentleg bør sorterast: alfabetisk. Samlinga mi er neppe verdig gjennomsyn av Deweys decimalsystem, men eg kan iallfall finne filmen eg vil ha på kort tid. No gjenstår berre problemet med norsk versus engelsk tittel: «Set ein den norske versjonen av Ringenes Herre på R, eller saman med dei andre extended-Lord of The Rings på L…». Uff!
Men på den andre sida, om dette er kvardagens største problem, så har eg det eigentleg ganske bra.
Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 11. august 2011. Gjengitt med tillatelse.
Liknande artiklar
- Sideblikk: Historia om «Metropolis» - Film
- Sideblikk: 1999 - Nyheiter
- Vevmem, forklart: Czech Roll - Internett
- links for 2009-06-03 - Surfefunn
- Vi roter i våre arkiver: Ein hardtslåande tittel - Tekstar