Sideblikk: Hugs filmklubben
eller, film er betre i ein kinosal
Kinosalen kan vere ei majestetisk oppleving. Den kan vere ein stad der kjensler vaknar, hjernen får bryne seg, eller berre ein stad der ein kan rømme litt frå kvardagen.
I Bergen er Bergen Kino den enklaste staden å gå for storskjermserfaringar, med mindre du er av dei heldige som har velvaksen heimekino, sjølvsagt. Men det er dog éin stad som gjerne vert gløymd. Ein stad som gir deg både dei filmane som kinoane ellers ikkje tør å vise, eller dei fantastiske filmane som kinoane ikkje har vist på mange år. Eg snakkar Bergen Filmklubb, som denne hausten feirar 50 år.
I fem tiår har nemleg filmklubben vist diverse filmskattar på ulike lerret gjennom byen. Dei siste åra har dei vore spreidd mellom blant anna Cinemateket og Landmark, men no har dei endeleg slått seg til ro hovudsakleg på Kvarteret. Ikkje lat det skremme deg!
Denne jubileumshausten kjem dei til å ha sine faste filmar kvar onsdag, nokre spesialframsyningar og jubileumsfilmar kvar sundag — filmar som har betydd mykje for filmklubben si historie. Stumfilmen «Panserkryssaren Potemkin», som var filmklubbens første visning, vart til dømes vist opp igjen den 31. august. Ein viktig historisk film, som fekk nytt musikalsk vedheng her i Bergen.
Eller kva med ei reise i kjemiens verden forelest av ein lærar frå Høgskulen, basert på TV-serien «Breaking Bad» sine mange etiske dilemma? Klassiske filmar som du ikkje har sett på kino før, som Dustin Hoffman sin gjennombrotsfilm «Manndomsprøven», eller den britiske perla «Withnail and I»! Det er óg spennande og sjå film ein ikkje ellers ville ha fått sett. Kvifor ikkje utfordre deg sjølv med litt britisk ungdomsfilm? Russisk postapokalypse? Spesielle, men utfordrande filmar, som kanskje kan utvide — eller bekrefte — din filmhorisont.
Eg innrømmer gjerne at eg ikkje har gått så mykje på filmklubben som eg burde, men eg vil no prøve å gå i bresjen for å vere ein som stikk innom der når eg kan. For heimekinoentusiastane kan seie kva dei vil. Det er ikkje det same å sjå «Gudfaren» heime hjå seg sjølv. Det er noko heilt anna å høyre den kollektive gispinga, dei mange kvalte smålatterane, og dirringa ein kun har i ein sal der alle ikkje kjenner alle.
I tillegg har ein jo sjølvsagt den nær totale mangelen på frekke 14-åringar med lysande iPhones og Rihanna-ringetonar. Det burde i seg sjølv vere argument godt nok for å reise på Filmklubben denne onsdagen og sjå «The Long Day Closes», ein britisk film om blant anna kjærleiken til lerretet og flukta frå kvardagskeisemda.
Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 1. september 2011. Gjengitt med tillatelse.
Liknande artiklar
- Paradokset ved reklame - FilmMedia
- Så mykje BIFF, så lite tid… - FilmInternett
- Sideblikk: 3D - Film
- Studentradiomedarbeidar - FilmMedia
- Monty Python and the Channel of Awesomeness - Internett