Sideblikk: Historia om «Metropolis»
eller, do it, DOOO IIIT!
«Metropolis» er ein fantastisk sci-fi-film frå 20-talet. Meir er det ikkje å seie om det. Filmen utforskar ein urban dystopi, ein forferdeleg to-delt by der skiljet er stort mellom dei ulike klassane. Klassekamptemaet var ikkje uvanleg på denne tida, men regissør Fritz Lang tok heller til orde for sameining og harmoni enn væpna revolusjon — som enkelte av hans andre inspirasjonskjelder.
Like vel vart filmen kraftig sensurert, og filmen opprinnelege 2,5 time vart klipt ned til omlag halvanna time, for å gjere den meir spiseleg for publikum både historie- og tidsmessig. Faktisk vart filmen endå kortare fordi den utanfor Berlin vart spelt av med 24 bileter per sekund sjølv om den var innspelt med berre 16. Dette har nok påverka korleis publikum på den tida mottok filmen.
I si samtid vart den nemleg ikkje veldig godt motteke, sci-fi-forfattaren H. G. Wells syntest den var klisjé-aktig og for lik hans eigne verk. Blant filmens fans var derimot Joseph Goebbels, som skraut av filmens motiv og historie i ein tale i 1928. Det gav naturleg nok ein avsmak for filmen i perioden etter andre verdskrig.
I notida er den derimot hylla som ei sterk påverknad innan film og sci-fi. Eit av dei mest openlyse eksempla er den store likskapen mellom «Metropolis» si maskin-kvinne Maria, og Star Wars sin forgylte C-3PO, men ellers er spor av den å finne i alt frå avslutningsscena i «Ghostbusters» til koreografien i musikalen «Hair».
«Metropolis» sin originale klipp vart tapt allereie på 20-talet, og sidan den tida har mange vore på jakt etter den. I 1975 kom ein restaurert versjon, og i 2001 kom ein reinare versjon som sporenstreks vart innlagt på UNESCO si verdsminneliste. I 2008 vart derimot ein omtrent urørt kopi funnen ved filmmuseet i Buenos Aires, Argentina, og endeleg er det mogeleg å sjå heile filmen så nært det opprinnelege som mogeleg.
Men kvifor skriv eg om dette no i desse juletider? Burde eg ikkje følgje den naturlege tradisjonen med å skrive om tradisjonar no som jula nærmar seg? Tidlegare i haust skreiv eg at du bør hugse Bergen Filmklubb oftare, og i anledning deiras 50 års-jubileum visar dei i kveld «Metropolis» i KP1. Du får sjå den nyrestaurerte versjonen frå 2008, med improvisert filmmusikk av Jørgen Larsson. Du har ikkje noko betre å gjere ein torsdagskveld enn å vere der!
Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 8. desember 2011. Gjengitt med tillatelse.
Liknande artiklar
- Paradokset ved reklame - FilmMedia
- Sideblikk: Luksusproblem - Film
- 2011 — eit avleda filmår - Film
- SPOILERS: Mi meining om slutten på «Inception» - Nyheiter
- links for 2009-06-03 - Surfefunn