Sideblikk: 3D
eller, ingen kan ikkje redde verda — åleine.
Med jamne mellomrom legg Peter Jackson — regissøren bak blant anna Ringenes Herre-filmane — ut videoar frå settet til dei komande «Hobbiten»-filmane på Youtube. Den siste av desse tok for seg kamera, og især 3D-teknologi. Filminteressert som eg er, og spesielt innanfor den tekniske biten, er dette 10 minutt eg med glede nytta i Jacksons univers.
Samtidig så har eg merka meg alle dei som er skeptiske til 3D-teknologien. Noko eg for så vidt skjønar godt. Fordi for alle filmar som klarar å utnytte 3D på ein god måte, finst det for tida eit titals eksempel på dårleg utnyttig av teknologien. For kvar «Sanctum» — ein grottevandringsfilm som eg ikkje har turt å sjå i etterkant, i frykt av at eg vil finne ut kor dårleg den er utan 3D — finst det alt for mange «Clash of the Titans» eller «Alice i Eventyrland» — filmar som har fått ein tredje dimensjon trekt ned over hovudet. Dermed skjønar eg skepsisen, men eg vil gjerne få dele litt kunnskap med deg:
Når du sit i kinosalen og stirrer på lerretet får du servert film frå prosjektøren med 24 bileter per sekund. Slik har det vore omtrent sidan stumfilmens tid. Den vante hastigheita er eit tidleg kompromiss mellom kostnad per meter film, og kor sakte ein kan få det før hakkinga mellom bileta er pinleg synleg. No til dags, med atskilleg fleire millionar i kassa — og desto fleire kamera som tek opp på harddiskar, og ikkje film — er dette eit mindre problem.
Difor er det fleire — Peter Jackson er éin, og Avatar-skapar James Cameron er ein anna — som meiner det er på høg tid å heve lista for bileter per sekund, til dømes til 48. Blant cineastar er det sjølvsagt dette noko det stridast om. «Film er motion blur», seier dei — hakkinga som oppstår når noko beveger seg raskt er ein del av opplevinga. Samtidig er akkurat denne hakkinga ein av dei store syndarane som skadar verkelegheitskjensla som 3D-en prøver å gjenskape.
Når ein aukar dette talet mot 60 — som er vidt rekna som menneskets «naturlege» antal bileter per sekund — vil lerretet i større grad verke som eit vindauge enn ei flate som film blir vist på. Når ein kastar ekte 3D — filma med to kamera, ikkje post-konvertert — oppå dette igjen, trur eg at 3D i mykje større grad kan oppnå sitt potensiale.
Båe desse grepa — 3D filma med to kamera og auking av bileter per sekund til 48 — er teknikkar som dei to «Hobbiten»-filmane kjem til å ta seg nytte av. Og med tekno-geeken Peter Jackson bak spakane nektar eg å tru at det ikkje vert bra, og eg håpar at det samtidig vil konvertere ein del anti-3D-mennesker til true believers! 2012 vert kanskje ikkje jordas undergang, men eg håpar at denne openbaringa lever opp til mine forventningar.
Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 10. november 2011. Gjengitt med tillatelse.
Liknande artiklar
- Hobbiten – no også som film! - Film
- Så mykje BIFF, så lite tid… - FilmInternett
- Sideblikk: 1999 - Nyheiter
- Surfefunn: links for 2008-10-07 - Surfefunn
- Afrikansk film! - Film