Så mykje BIFF, så lite tid…

Eg sit og ser over programmet til Bergen Internasjonale Filmfestival, og skjønar at eg må kapitulere. Det er rett og slett ikkje tid til alt eg vil sjå, noko som er synd.
Ja, alle har sjølvsagt lyst til å sitje i ein kinostol heile dagen og sjå film (eller?), men eg skjønar jo at det ikkje er mogeleg. Når eg brukar BIFF sin “Min festival”-funksjon for å få ei liste over alle filmane eg kryssar av (for øvrig ein meget god funksjon), så endar eg opp med noko slikt som 25 filmar. Og dette er kun på første overblikk…
Studentradioen i Bergen skal ha ein times sending frå BIFF kvar dag (som også blir lagt ut på BIFF sine heimesider), og det blir difor også litt filmfundering frå mi side.
I den samanheng tenkte eg at eg kunne “frigjere” ei av sidene mine, nemleg ei liste over filmar eg ser med små anmeldingar. Anmeldingane kan du sjå her, og sida er laga med innstikket WP-Movie-Ratings, som gir deg eit enkelt lite interface for å legge ut filmanmeldingar. Sida er litt mager no, men det kjem mange fleire filmar, eg lovar.
Liknande artiklar
- Ny funksjon - Sidenyheiter
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett
- Studentradiomedarbeidar - FilmMedia
- id vs. class - GuidarRessursar
- Surfefunn: links for 2008-12-05 - Surfefunn