Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Russemerker: ide til ferdig “produkt”

rus(s) i noreg

Som (forhåpentlegvis) kjent, så er eg ein kreativ kar. Så når ein har valet mellom å kjøpe cheesy russemerker frå russeshop.no, eller å lage nokre sjølv, så lagar ein gjerne nokre sjølv..

Skal foreløbig ta for meg berre eit eksempel på noko eg lagde, men eg åpar de vil like den like vel.

Idéen til denne teikninga kom under ein Facebooksamtale med Sjur. Den gjekk som føljer (har luka ut dei uinteressante delane):

Har litt lyst til å heimesnekre russebuksestrykemerker eigentleg. Meir kult det enn å ha dei som alle andre har :P
- Andreas

Wow! Eg har mykje plass at på buksene mine *hinthint*, så om du har eit special edition Andycomp inc. highrolla 2007 special edition supersale clearance strykemerke att… Åh, du spør meg? Ja takk!! =D
- Sjur

Kva ynskjer herren? :P
- Andreas

Uhm… Noko STILIG! =D Du er jo god å teikne… :)
- Sjur

Men vil du ha Star Wars eller apekattar på ein måte?
- Andreas

Du kan jo kombinere! Men noko g33ky er kjempeartig! =D Star Wars it is. Make it a big one!
- Sjur

Darth Monkey!!! ^^
- Andreas

So Darth Monkey it is!

Eg byrjar med å teikne ei skisse kjapt med penn på ark:

darth monkey ser fæl ut

Hmm, jaja… Eg scannar den, og byrjar å reingjere linjene litt med Brush Tool i Photoshop (ja, eg innser at eg kunne ha brukt eit vektorprogram her, men eg blir aldri heilt trygg på dei Bezierkurvene). Fiksar litt på hjelmen ved å sjå etter eit bilete eg fant av den på nettet, gjer linjene reinare og litt bevegelse, samt mekkar eg eit lite pusteapparat til han, lungene hans er jo brent, stakkar…

darth monkey er pen

Så var det berre det “verkelege” arbeidet igjen. Eg printar ut Darth Monkey på eit strykeoverføringsark, klippar til litt rundt han, og tek fram strykejernet. Med inderleg presisjon og mykje uttenking bir han arsomt plassert på mitt venstre lår. Han har der fått si eiga lille Death Pocket å passe på (”I’ve got a bad feeling about this..”).

darth monkey rocks my pockets
exen på lomma lzzm

May the Force be with me!






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Thursday 19. April 2007 , og er arkivert under Datakunst, Humor. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “Russemerker: ide til ferdig “produkt””

  1. GravatarSjur skriv:


    Oh-la, I’m almost famous! Du er ein artist, jo! Knallsaker, dette. :)

  2. Gravatarpaula skriv:


    lag russekrav om å dele ut gratis klemmer i en time på et travelt sted! så alle som vil ha klem kan få!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon