Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Rådlaus i det trådlause?

kabel?

“Ville du latt barna dine dra på badetur utan å kunne symje? Ville du gitt latt seksåringen din setje utfor den svarte løypa i skisenteret? Ville du sendt barnet ditt ut på Internettet åleine?”
Slik opnar Rune Krumsvik, dr.phil. ved Uib, sin kronikk om born, vaksne og internett i BT i dag.

Han meinar at dei fleste foreldre vil svare nei på dei to første og ja på det siste, sidan vaksengenerasjonen har ei oppfatning av at alt som foregår innanfor husets fire veggar er trygt.

Dette kan eg seie meg einig i for så vidt, men eg tykkjer spørsmåla hans manglar eit parameter. Ta til dømes spørsmålet om den svarte løypa: Ville du latt seksåringen din setje utfor den svarte løypa i skisenteret dersom han var flink stå på ski?

No skal det seiast at det er vanskeleg å vere “flink” til internett, men som med alt anna kan ein gi opplæring. Dei fleste barn blir jo sendt på skiskule før dei blir slept til i skibakken uansett.

Og no snakkar eg ikkje, gud forby, om moralplakatar med “Alle på Internett er mogelege valdtektsmenn.” For det er nemleg ikkje slik. Med mindre det er snakk om små born er det heller ikkje alltid nødvendig med reglar som: “Ikke bruk det virkelige navnet ditt på Internett. Vær kreativ, og finn på et nytt! (Foreldrene dine kan hjelpe deg.)” som MSN foreslår på sine “Beskytt barna på Internett”-side (Men det er alltid greit å ha eit “alter ego” for så vidt. Eg meinar mitt namn var Elvis MacBurshgrund. Kreativt, eller kva? Eg fekk ikkje hjelp av mamma til den for øvrig.).

Det eg tenkjer på av opplæring er meir eit fag i skulen (ikkje meir enn ein time eller to i veka eit år eller to rundt 5.-7. klasse for eksempel), som tek sikte på å lære born fornuft og etikk på internett. Som Krumsvik seier er ikkje internett eit “verkty” lenger, men ein plattform (Web 2.0, anyone?) der folk søker alt frå rein informasjon til nettsamfunn av alle slag. Dette vil og vere faget der snørrungane kan lære seg å søke etter informasjon på internett, og sjekke kjelder, noko som dei verkeleg kjem til å få bruk for seinare.

Dette bør sjølvsagt vere eit fag undervist av folk som kan internett, eventuelt er det jo alltids mogeleg med nettundervisning. Om dette skal bli undervist av gamle tanter som alltid leitar etter the any key, blir det like flautt som seksualundervisningen med blyge naturfaglærarar.

1 million mennesker er på nettsamfunn i Noreg. Det er mange det. Det blir med andre ord berre vanlegare og vanlegare. Sjølv om dei fleste er registrert under “k00le nickz” som beibiiz89 og dude88, så blir det også meir og meir vanleg å bruke. Internett er ikkje ein plass du brukar for å utlevere deg, det er ein plass du får jobbar, merksemd og nye vener. På internett er du ei merkevare.

“Sjølv om mange «screenagers» er kompetente og ansvarlege nettbrukarar er det likevel «digital risikosport» å overlate Internettarenaen åleine til barn og unge,” skriv Krumsvik i siste avsnitt. Ingen har overlatt alt til born og unge. Det er berre “dei vaksne” som er eit hakk bak oss i utviklinga av bruken. De kjem nok til etter etter kvart. Det er ikkje lenge før mor di har facebook også.

Eg meiner ikkje at Krumsvik tek feil, eg meinar berre at han som mange andre skriv artikkelen til dels frå “ein vaksen” sitt synspunkt, på ei sak som i stor grad omfattar ungdommen

Eg må få avslutte med å takke Krumsvik for eit nytt ord. “Screenager” er herved teke inn i mitt vokabular. Ein lærar så lenge ein lever.

Relevante, eksterne artiklar






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Tuesday 10. July 2007 , og er arkivert under Internett, Media. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Vér så god, scena er di!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon