Sideblikk: Post-apokalyptiske bilar
eller, alt eg tenkjer på når eg ser bornefilm.
Filmar som hovudsakleg er retta mot born er som oftast dei filmane som treng minst intern samanheng. Her kan hundar vere bestevenner med kattar eller revar, båtar vere levande, borna er smartare enn alle dei vaksne i verda, og alle snakkar sjølvsagt norsk.
Noko av det artigaste eg veit når eg ser desse filmane er å setje dei små grå i sving. Eg prøver å skape ei heilheit ut av desse universa, å plassere dei i eit historieløp som kan fungere i vår verd — sidan dei ikkje alltid er så intellektuelt utfordrande i seg sjølv.
«Biler»-filmane er eit veldig godt eksempel på dette. Internt har dei nemleg ein logikk, men når ein prøver å ta eit steg tilbake og sjå filmane i samanheng vert spørsmåla mange: Eksisterar menneska i denne verda? I så fall, kvar er dei? Om ikkje, kvifor har alle bilane seter? Pixar prøver kanskje sjølv å hevde at dette er eit menneskelaust univers, men som den konspirasjonsteoretikaren eg er klarar eg ikkje å sleppe tanken om at dette er etterdønningane av ein potensiell skrekkfilm.
«Biler» og «Biler 2» er i mitt hovud lagt nokre hundre år etter at intelligente bilar, bygd av smarte endeleg revolusjonerar mot menneskerasen. Dei mjuke trafikantane vert femte hjul på vogna, og dei lakkerte, intelligente motorfartya byggjer ei ny verd — i sitt bilete — basert på den einaste verda dei kjenner. Den farge- og fartsfylte bilverda me ser er resultatet av det som i prinsippet er ein litt meir koseleg versjon av robotopprøret frå «The Matrix»-filmane.
Sjåaren sit att med to filmar som er artig for ungane, men som er direkte skumle for slike som meg, som har lest for mykje sci-fi.
Og med tanke på at «Biler» faktisk har teke mykje inspirasjon frå sci-fi-forfattaren Isaac Asimov er det ikkje så utenkjeleg. Asimov si forteljing «Sally» speilar nemleg ei framtid der kun bilar med «positroniske hjernar» er lovlege på vegen. Desse hjernane førar til at bilar får intelligens på høgde med mennesker — til og med personlegheiter — og dei er ikkje glad i bilseljaren som vil setje hjernane deiras inn i nye karosseri… Eg skal ikkje røpe slutten, men den er i alle fall verdt å lese! Og den gir frysningar på ryggen til dei som er skeptisk til bilen frå før.
Er den årlege giftskya over Bergen berre første ledd i ei sakte overtaking frå bilane si side? Kven veit…?
Tenk på det neste gong du vil kjøpe ny bil med stadig smartare GPS, telefonsystem, automatiske koppholdarar, og lukeparkeringshjelper — velg sykkelen i staden!
Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 20. oktober 2011. Gjengitt med tillatelse.
Liknande artiklar
- Sideblikk: 3D - Film
- links for 2009-05-25 - Surfefunn
- Sideblikk: Hugs filmklubben - Film
- Sideblikk: 1999 - Nyheiter
- Slashignore – Tegneserie – Kick-Ass - SurfefunnTeikningar