Paradokset ved reklame
Det må vere fælt for filmanmeldarane å sjå si eiga filmmelding like ved ein reklame for filmen dei nett har slakta.
Burde aviser kunne nekte å reklamere for crappy filmar (filmar dei gir ein karakter under 2)? Eller er film og andre kulturnytingar så subjektive at det går bra for “folk flest”?
No skal eg ikkje utnevne meg ut som representant for den tunge “finkulturen i Noreg” akkurat, men denne filmen ser sjølv eg at må vere dårleg. Kanskje det er difor Warner reklamerar slik for den? VG er jo fylt til randen av reklame for denne filmen (som eg prøvar å nevne ved namn minst mogeleg gonger).
Nei, då trur eg heller på “The Bourne Ultimatum”. Det er gode bøker i det minste. Eventuelt “This is England” som eg såg i går, eit godt valg for den film/historie-interesserte (“Maggie is a twat!”).
Liknande artiklar
- Studentradiomedarbeidar - FilmMedia
- links for 2009-06-04 - Surfefunn
- Star Wars-jubileum - Nyheiter
- Banneremse - Film
- Uwe Boll, det einaste geniet i filmbransjen - Nyheiter