Opera 2: Tilpasningsdyktig

Andre artikkel i serien om nettlesaren Opera. Første artikkel kan lesast her.
Ja, eg veit eg skulle skrive om plugins denne gongen, men eg brukar rett og slett ikkje nok av dei til å fylle ut ein heil artikkel. Eg har derimot fleire enn nok av ting som eg kan skrive om som alt er der. Du vil garantert lære ein ting eller to av denne også!
Opera har nok ikkje så mange trufaste fans, og så mange hengivne nerdefølgjarar som Firefox. Og det er nok også lettare å skrive plugins for ein open-source nettlesar enn for Opera. Personleg ser eg ikkje på det som eit problem, ettersom mine nettlesarvaner blir “meir enn godt nok” oppfylt av Opera.
Opera er no i versjon 9.27, men du kan laste ned versjon 9.50 beta 2 om du føler for det. Foreløbig ventar eg litt, ettersom beta 1 åt meir RAM enn Firefox på speed. Men med tanke på dei nye funksjonane som kjem, så gledar eg meg like vel.
Men tilbake til 9.27. Til trass for at Opera ikkje er open-source, er den overraskande lett å tilpasse på ulike måtar. Det er dette eg skal setje fokus på med denne artikkelen.
Språk
Med Opera for Mac følgjer ei pakke med dei 15 offisielle språka til Mac OS, deriblant bokmål. Dersom du derimot vil at Opera skal vere på norsk, så kan du laste ned den nynorske språkpakka (for versjon 9.27, fungerar også for Windows og Linux). Til Linux og Windows må ein (så vidt eg veit) laste ned alle språkfiler kvar for seg, så språkpakka på bokmål finn ein her (for versjon 9.27, fungerar til Windows, Mac og Linux).
Dersom du av ein eller anna grunn køyrer ein eldre versjon av Opera, kan du laste ned språkpakke til dei herfrå.
For å installere ei språkpakke opnar du Valg/Innstillinger/Preferences-panelet, går til Generelt/General og Detaljar/Details nederst ved språkvalget. Derfrå manøvrerar du deg fram til di foretrukne språkpakke.
Kallenavn
Høgreklikk på eit bokmerke og opne Eigenskaper/Properties. Her vil du sjå eit felt som heiter Kallenavn/Nicknames. Slik kan du gi alle sider du vil kortnamn, slik at du “slepp” å skrive heile nettsidenamnet i adressefeltet.

http://dagbladet.no = db, http://facebook.com = fb, http://thebestpageintheuniverse.com = gøy, og så vidare.
I’m Feeling Lucky-søk
Eit alternativ til å bruke Kallenavn er å google namnet på sida med “g”-kommandoen eg beskreiv i forrige artikkel. Men dette krevjer eit heilt tastetrykk ekstra for å kome inn på sida. Dette er sjølvsagt eit klikk for mykje!
Google har som kjent sitt I’m feeling Lucky-søk, som bringer deg rett til første søkeresultat. Dette kan ein legge inn som ein eigen søkekommando.
Åpne Valg/Innstillinger/Preferences og trykk på fana Søk. Trykk så Legg til/Add for å lage eitt nytt søk og skriv inn http://google.com/search?btnI=1&q=%s i Adresse-feltet. Namn og Nøkkelord fyller du ut sjølv.

Dette er ein grei måte å “sleppe” å legge til snarvegar på alle sidene du vanlegvis er innom. I staden kan du no skrive (i mitt tilfelle) “gl facebook” for å opne Facebook, eller “gl tanketom” for å opne tanketom.net.
Hindre at Javascript “stel fokus”
Når ein opner til dømes Gmail sine sider, så vil Javascriptet til gmail.com få innboksen din til å bli den aktive fana, uansett kva du allereie hadde oppe. Dette kan lett forhindrast (berre du veit kvar det ligg).
Opne Valg/Instillinger/Preferences-vindauget, gå til Avansert/Advanced > Innhald/Content > JavaScript-valg/JavaScript options og huk vekk Plasser vindu i forgrunnen/Allow raising of windows

No kan du surfe, uforstyrra av Gmail.
Heimelaga søkefunksjonar
For å gi eit inntrykk av kva denne typen kommandoar kan brukast til, så listar eg opp nokre av søkemotorane eg har ein heimelaga funksjon til:
- 1881
- Søkar hjå 1881.no -
http://www.1881.no/?Query=%s&qt=8 - tt
- Søkar på tanketom.net (tilsvarande fungerar på alle Wordpress-sider) -
http://tanketom.net/?s=%s - fb
- Søkar i Facebook -
http://www.facebook.com/s.php?q=%s&init=q - ord
- Søkar i UiO sine norske ordbøker -
http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=%s&begge=SF8k+i+begge+ordbF8kene&ordbok=bokmaal&alfabet=n&renset=j - tw
- Fungerar andre vegen, legg ein Twit inn i Twitter direkte frå adresselinja i Opera (forklart i linken)
Kjelder i denne saka er blant anna dei ypperlege Operawiki og Operawatch. Operawiki sin Tips-wiki har før øvrig mange tips som går djupare inn på endringar av menyar og slikt. Mange artige tips for den litt meir avanserte brukar.
Om du ikkje lærte noko av denne artikkelen… så må du vere Håkon Wium Lie! Velkomen, Håkon.
På tampen, ein litt artig link via Start.no: Dersom nettlesarar var kvinner
Liknande artiklar
- Twitter i Opera - Internett
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett
- Festivalblogging - MediaMusikk
- Mine 14 beste Mac-applikasjonar - Anbefalingar
- Lydbølgjer - Musikk
Saturday 26. April 2008 klokka 9:26
[...] Opera 2: Tilpasningsdyktig [...]
Saturday 26. April 2008 klokka 11:15
Eg elske Opera!
Har brukt det siden versjon 3 elle noge trur eg. Det e så gudd atte
Saturday 26. April 2008 klokka 11:40
@Ogrim
Trur eg har brukt den sidan.. 7.eitelleranna. Ikkje så lenge med andre ord.
Ja det er veldig bra
Saturday 26. April 2008 klokka 19:47
Jeg bruker Safari. Har brukt Firefox en stund, men det blir rett og slett for tungt i forhold til Safari. Hvordan er Opera i forhold til Safari?
Saturday 26. April 2008 klokka 20:14
Tja, spørst kva du reknar med. Safari og Opera reknar eg som jamnraske omtrent, så det er funksjonsmengda eg foretrekk Opera på.
Denne testen byrjar å bli litt gammal no, men eg reknar den som gjeldande framleis. Det har ikkje vore dei store skilnadane sidan den gong:
og oppdatert, dog ikkje talfesta:
Saturday 26. April 2008 klokka 22:35
Ok, jeg skal teste ut, men jeg holder meg fast til Safari enn så lenge. Ved hjelp av SIMBL og Keywurl, kan jeg sette opp egne søk jeg også.
Kan forresten legge til et par søketips til (@@@ definerer søkeord):
Telefonkatalogen/Gulesider:
tlf - http://www.gulesider.no/tk/search.c?q=@@@
IMDb:
imdb - http://imdb.com/find?s=all&q=@@@
Akronymer:
akronym - http://acronymfinder.com/af-query.asp?Acronym=@@@&Find=find&string=exact
Mulighetene er uendelige
Sunday 27. April 2008 klokka 10:37
Takk skal du ha, Ronny-André! I Opera vil @@@ vere erstatta med %s.
Eg har vel fire nettlesarar på denne maskina, der eg brukar to av dei ganske regelmessig. Opera til det meste, og Firefox til resten.
Dette fordi enkelte Flash-spel kranglar litt, og til dømes bileteopplastinga i WP (som kun fungerar i Firefox av nettlesarane til MacOSX) fungerar betre der.
Og ja, mogelegheitene er uendelege. Det er det som gjer det kjekt.