Opera 1: Out-of-the-box

Opera, min favorittbrowser, er fylt med mange koselege funksjonar. Nokre er der frå før (særs mange faktisk), nokre kan lastast ned via plugins. Det er garantert nokon du ikkje visste om! Dette er første del i ein serie om browseren Opera.
Opera er eit internettverktøy opprinneleg utvikla av Telenor. Opera gjekk ut som eit eiget firma i 1995, og gav ut programmet for betaling. Etter kvart kom det ein gratisversjon med reklamebanner, og for omlag 2 år sidan blei den fullstendig gratis (Versjon 8-eit-eller-anna). For augneblinken er den i Versjon 9.2, og har versjonar for Windows, MacOS, Linux, FreBSD og Solaris ute.
Out-of-the-box
Opera kjem med eit tonn funksjonar “out-of-the-box” . Ja, ein kan seie at det kanskje er for mykje. Eg brukar for eksempel mIRC til IRC-samtalar, og gmail.com til mailen min, sjølv om både mailserverklienten M2 og den innebygde IRC-klienten fungerar fint.
Ein av mine favorittfunksjonar er “mouse gestures”, som gjer til at eg kan skifte mellom tabs, gå fram og tilbake i netthistoria og opne og lukke sider kun ved hjelp av museklikk eller musebevegelsar. Du slepp altså å gå opp og klikke på “New Tab” eller trykkje Ctrl+Shift+N/Eple+Shift+N. Du kan halde inne høgre musetast og dra musa nedover, så har du ein ny tab (Dette er sjølvsagt nedlastbart til Firefox).
Når du opnar Opera for andre (eller n’te gong), dukkar sidene som var oppe då du stengte Opera, opp igjen. Dette kan verke uvant om du kjem rett frå IE, eller ein uforandra Firefox, men det er genialt. Ikkje berre let det deg jobbe med noko over lengre periodar utan å bookmarke sider du ellers aldri ville ha bookmarka, men om (det skjer jo ein sjeldan gong) Opera skulle kræsje, så opnast sidene du sat på i kræsjaugneblinken. Det er også mogelegheit for “Sessions”, ein funksjon som gir deg mogelegheit til å lagre visse sider med ein samanheng eller eit tema, som du så kan opne på eit hvilket som helst tidspunkt.
Ellers er søkefunksjonen i adresselinja herleg. Om du skriv inn “g tanketom.net” i adresselinja, så kjem det opp eit googlesøk på tanketom.net. Tilsvarande har du “y” for yahoo, “a” for answers.com, “e” for søk på eBay, “w” for download.com og “b” for BitTorrent.

“g” foran tekst i adresselinja gir deg eit Googlesøk.
Du kan også lage dine eigne søkeoperatørar. Til dømes har eg ein Youtube-søkefunksjon. Den kan du lage slik: Opne Youtube.com og høgreklikk i søkefeltet der, og trykk Create Search. Fyll inn informasjonen du treng. Feltet “Shortcut” er det du skriv før søkinga di. Hjå meg er det “yt”. Med andre ord kan eg skrive “yt kamera til 30000″ og nyte at Sondre deisar i bakken på ski med eit dyrt kamera like etter.

Denne funksjonen fungerar på så godt som alle søkefelt, så kos deg!
Er du kanskje lei reklame? I tillegg til ein velfungerande pop-up-blocker fungerar Opera sin “Block Content”-funksjon veldig greit der. Enkel å bruke er den også. Opne ei side. Til dømes itavisen.no.. Heilt tilfeldigvis sjølvsagt. Høgreklikk på ein “tom” plass på nettsida og gå til Block Content. Dette set deg inn i Block Content Mode (eller noko slikt). Her er det meste tona ned med unntak av Flashdokument og bileter, og du kan velje og vrake av kva du vil ha vekk. Når du er ferdig trykkjer du Done. Den einaste bakdelen med dette er at ein browser utan reklameblokkering no blir meir irriterande enn vanleg.

Deeeeeeileeeeeg….
Ein anna litt koseleg funksjon er til dømes Linkmanageren. Om du har ei side med fantastisk mange linkar du skal laste ned, sånn som ei torrentside eller liknande, så kan du trykkje på Links i sidebaren. Det gir deg ei liste over alle linkar på sida du er inne på for augneblinken. Lett som ein ftp-server!

Speed Dial er ein funksjon som debuterte i Opera 9.2. Det gjer “New Tab” til ei slags startside med thumbs av 9 valfrie nettsider. Omtrent som nummersnarvegar på mobiltelefonen skal desse vere raskt tilgjengeleg fordi det er dei du er mest innom. Dei forskjellige kan nåast via å trykkje på thumbsa eller å taste Shift+(det gjeldande nummeret). Denne funksjonen er “lånt” frå Opera Mini; Opera sin nettlesar for mobiltelefonen.

Opera - som telefonen din
I tillegg har Opera ein god del ikkje-browser-ting som er greit å ha. Til dømes ein fullt fungerande IRC-klient, ein epostklient, ein torrentnedlastar og ein god RSS-lesar. Det blir slik eit tvers gjennom godt internett-verktøy, ikkje berre ein nettlesar.
Opera er i tillegg ein av dei raskaste nettlesarane til dags dato. Til det formålet vel eg å bruke denne kjelda. Sei kva du vil, men Opera dominerar dei grøne tala gjennom heile testen. Nettlesarar som stort sett baserar seg på å vere fulle av tredjeparts plugins har ein gjennomsnittleg tendens til å bli treige. Opera går i forhold veldig raskt.
Andre artikkel i serien handlar om nokre av dei mange tilpasningsmogelegheitene i Opera.
Liknande artiklar
- Opera 2: Tilpasningsdyktig - Guidar
- Dagbladet twitrar - Internett
- Twitter i Opera - Internett
- Mine 14 beste Mac-applikasjonar - Anbefalingar
- Festivalblogging - MediaMusikk
Thursday 10. May 2007 klokka 9:51
Flott artikkel
Kommer til å følge med på fortsettelsen!
Saturday 12. May 2007 klokka 21:42
Du glemte opera mini for mobiler!
Bruker det nesten hverdag når jeg kjeder meg @ school
Sunday 13. May 2007 klokka 4:17
Om du faktisk les artikkelen, så ser du jo at eg nemnar den så vidt. Fint at du les artiklane mine, Jonas
Var uansett ikkje det artikkelen handlar om.
Monday 14. May 2007 klokka 21:28
Dette var gode greier! Nå har jeg til og med siste versjonen aav opera… wohoo!
Tuesday 15. May 2007 klokka 0:27
Veldig bra! Ctrl+ er hurtigtastene for speed dial, btw.
Tuesday 15. May 2007 klokka 7:57
Petter Nilsen!
Hadde vore greit om han samtidig kunne ha bekrefta at eg ikkje får betalt for dette 
Thursday 24. May 2007 klokka 13:34
tek d t etterretning….
Saturday 23. June 2007 klokka 10:35
Kjekk artikkel. Fint å sjå at andre har sett lyset kva gjeld internettverktøy.
Vil berre fortelja at Opera òg finst på norsk og bokmål. Ein finn språkfiler på http://www.opera.com/download/languagefiles/.
I Noreg bør ein nytta norskspråklege program.
Wednesday 18. July 2007 klokka 3:16
[...] Y S Landro skriv i Opera 1: Out-of-the-box [...]
Tuesday 7. August 2007 klokka 4:21
Opera ble helt gratis fra og med versjon 8.5. Til stor ergrelse for oss som kjøpte lisens et par uker i forveien!
Saturday 12. January 2008 klokka 19:25
[...] Opera er i mine auger den beste nettlesaren som finst der ute. Det skal seiast at eg ikkje har prøvd absolutt alle, men av dei større er denne veldig, veldig bra. Eg skal ikkje skrive for utfyllande om den her, sidan eg alt har skrive ein artikkel om Opera her på tanketom.net. [...]
Saturday 26. April 2008 klokka 8:39
[...] Andre artikkel i serien om nettlesaren Opera. Første artikkel kan lesast her. [...]