Omkalfatring
Omkalfatring; (substantiv)
ta opp natene (tettinga mellom dekksplatene i ein båt) og legge nye. “Båten er under o-”. Brukast gjerne om forandringar og nytenkning.
Forandringar er alltid bra, er det ikkje? Eg prøvar å setje saman ein litt meir porteføljebasert del med diverse bileter eg tek. I løpet av hausten har eg forflytta meg til Bergen, der eg går på Universitetet, og ein av fritidssyslene mine er å vere fotograf for rockeklubben Hulen. Det er dermed ikkje heilt ulogisk at konsertfoto er noko som dukkar opp her.
Til å byrje med så kastar eg ut nokre gamle foto som enkelte kanskje har sett før, men det er mest for å teste. Akkurat no blir systemet drive med ein plugin til WP frå Flickr som brukar galleriet Lighbox. For å starte, trykkjar du på eit bilete, og for å skifte mellom bileta trykkjer du “Next” og “Prev” som dukkar opp når du held musa over bileta, eller ved å taste N og P. Galleriet lukkar du ved å trykkje “Close” eller ved å taste X
Om folk skulle protestere alt for hardt, så må eg jo berre bøyge av for presset, men eg trur ikkje at tanketom.net verkar så kraftig inn på livet til nokon som helst at dette faktisk betyr noko. Kanskje forandring til og med er bra?
Bildeserie: “Dusk”
Liknande artiklar
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett
- Mine 14 beste Mac-applikasjonar - Anbefalingar
- Den siste månaden - Sidenyheiter
- “Ferie” - Nyheiter
- Festivalblogging - MediaMusikk










Tuesday 9. October 2007 klokka 11:03
Kor tok du den forklaringa på omkalfatrig frå?
Tuesday 9. October 2007 klokka 11:46
Fant det på nettet ein stad. Skreiv det om så det såg ordbokaktig ut
Tuesday 9. October 2007 klokka 14:53
Det gjorde det.
Eg ser eg ikkje greidde å skrive omkalfatring - då skal eg ikkje kommentere at du burde ha nytta vaknar eller våkner i twitteren….
Slike ting er viktig for oss som ikkje kan vakne i sola før 1. april!