Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Nytt design: Tankeprosess og skisser

skydesign

Har laga nytt design til sida mi (som dykk sikkert ser), og har dermed vore gjennom ein liten tanke og ide-prosess. Denne har eg prøvd å dokumentere slik at folk som lurar på korleis dei skal byrje med nettsider, skal kome i gang. Dette er den første i ein serie av artiklar.

Det alle første eg gjer, er at eg slår av datamaskina, og set meg ned med penn og papir. Ja, du veit dei greiene frå forrige århundre som det er blekk inni, omtrent som ein manuell svart/kvitt-skrivar.

Rett og slett teiknar. Boksar, notater og slike ting. Samme om du kan teikne eller ikkje, her skal det skissast.

Pennen(ane) og papiret har to funksjonar: til skissering og tankespinn.

Dette var mi skisse. skisse til skydesignet
Tok vel ein halvtime-time å komme fram til denne. Som de ser er den ikkje heilt lik det endelege resultatet, men du må gjere rom for småforandringar.

Om du føler det er vanskeleg å få størrelsar og slikt rett, så kan for eksempel eit tips eg plukka opp frå Boagworld.com hjelpe deg: Paul Boag har ein firkant med svart kant som er 760 pixels brei (gjennomsnittleg sidebreidde, min er for øvrig 640), som han brukar til å teikne på. Det er ein grei metode om du vil ha størrelsane riktige.

Denne skisseringa tykkjer eg er ein av dei viktigaste delane designmessig, sidan ein, i staden for å bruke tid på å få til gradients og slikt, så kan ein teikne ein firkant (strek-strek-strek-strek) og skrive gradient i den, eventuelt teikne ein kjapp gradient. Då får du det mykje kjappare frå hovudet og ned på ark, og du kan når som helst stoppe og teikne eller skrive ned ein ide du har, utan å skifte tool i Photoshop.

Dette blir enten scanna inn i Photoshop, Fireworks, Paint.net, GIMP eller det du vil, og teikna “oppå”.

Håpar dette gav dykk ein idé om korleis ein kan starte med nettsidedesign.

Neste artikkel kjem forhåpentlegvis til neste veke ein gong. Då går det meir på å gjere det om til XHTML-kode.

Me pratast.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Thursday 25. January 2007 , og er arkivert under Guidar, Ressursar. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Vér så god, scena er di!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon