Nytt design - “Lampe”
Og der var eg tilbake! Etter nokre dagars fråver, grunna designomkalfatrering og generell latskap, er tanketom.net på beina igjen i nytt lys.
Nei, Sjur, eg har ikkje blitt emo (ikkje meir enn vanleg iallfall) og eg kjem ikkje til å skrive emoblogg frå no av. Designet har blitt svart og kvitt. Kanskje litt uvant for enkelte, sidan eg stort sett har hatt friskare fargar på designa mine, men ein dag måtte det jo kome. Og på den andre sida – dette er neppe siste gong eg skiftar design.
Og det er meir enn berre utsida som er forandra. Eg har teke vekk menyen på høgresida og lagt den på toppen (for øvrig veldig fornøgd med den menyen), fjerna alle kategorilenkjer, og lagt til eit “Galleri” (som foreløbig berre er link til flickr, skal mekke det etter kvart) og ein “Om meg”-del med historie og kontaktinformasjon.
Ellers flikkar eg fortsatt litt småting på designet. Eg vurderar å innføre ein farge-farge for å bryte opp litt, som til dømes kan skilje ut linkar litt betre.
Eg er heller ikkje heilt sikker på om eg fekk menyen til å fungere i IE6-, men det kjem i så fall etter kvart.
Favikonet er heller ikkje heilt på plass.
Velkomen til tanketom.net – i nytt lys!
Liknande artiklar
- Der! - Sidenyheiter
- iClip - InternettTeknologi
- Kudos - Sidenyheiter
- GTA: IV - Internett
- ABC Nyheter - InternettMedia
Saturday 3. November 2007 klokka 15:44
Gratulerer med nytt design:) Det ble stilfullt!
Saturday 3. November 2007 klokka 17:10
Neineinei.. StilREINT!