Nytt 30d!!

Pengane mine har i den siste tida teke spranget over frå å vere på min konto til å gå til anskaffelse av eit nytt digitalt speilreflekskamera…
Då var det nye kamerahuset i hus, saman med eit glitrande eksempel på standardutstyr i Canon sitt standardiserte standardobjektiv EF-S 18-55mm 1:3.5-5.6.
Huset har ein nydeleg magnesiumlegning som ytre finish og det verkar meir robust og kraftig enn dei billegare modellane, 350d som saman med 30d er bygd på same plattform som 20d.
30d er meint som oppfølgaren til 20d, men er i hovudsak berre ei oppgradering. Med sine 8,2MP er den ikkje så mykje større, men likevel phet nok. Det mest imponerande er kanskje skjermen bakpå som har økt til 2,5 tommar. Eit velkoment bidrag til show-off-lista mi.
Eg har ikkje fått prøvd den skikkeleg ut, men foreløbig ser det ut som den held Canon-standard som eg er så kjent med. (Canon-fanboy? Neeeeeida…) Det kjem nok mange gode bileter ut av denne investeringa.
Eg angrar ikkje.
Revisited:
Sidan sist har eg óg fått meg eit nytt objektiv. Sigma 70-300mm DG Macro fungerar utmerka til både makrobileter og telebileter, men er litt lyssvakt. Har høyrt at Sigma 70-300mm DG APO Macro skal vere betre, men eg får sjå kva eg gjer. Har også fått ein blitz som eg er særs fornøgd med. Canon Speedlite 430x har forandra mitt syn på blitz frå eit unødvendig onde, til ein ven i naud.
Eg angrar fortsatt ikkje!
Liknande artiklar
- Julepresangar - Nyheiter
- YouTube oppkjøpt av Google - BloggNyheiter
- Nytt design – “Lampe” - Sidenyheiter
- Omkalfatring - Sidenyheiter
- Mjau - Reise