Nynorsk i Dagbladet

Må berre legge inn ei lita hylling til Jostein, månedens po(t)et i Skolekammeret. Med unntak av å skrive eit fantastisk godt dikt, har han óg fucka med “målparagrafen” i Dagbladet.
I intervjuet med han kan du lese historia. Jostein som er leiar i Firda Målungdom nektar nemleg å bli sitert på bokmål. Og dette i ei avis som har ei streng polise på å skrive kun bokmål.
Han legg seg med andre ord på same line som vår alles kjære Carl I. Hagen (utan samanlikning for øvrig), og krev at bladfyken siterar han på korrekt nynorsk fordi han vil “…ha store problem med at (han sine) svar på eit intervju skal omsetjast til bokmål berre for å høve inn med Akersgata sin språkrasisme.”
Det her er tøft gjort, Jostein. Slikt kan me like! All ære til den einaste paramilitære, revolusjonære gruppa eg heiar på, Firda Målungdom! Berre hugs at rasisme fungerar begge vegar!
Som fan av litt minimalistiske dikt tenkte eg at eg kunne lime inn diktet til Jostein her også:
«Frå jordi (ei siste helsing)»
Alt som kan komma
er komme
og det er meir
der det kjem fråEksperimentet
har teke overhandKuvøsa eksploderer.
Jostein Avdem Fretland
Dette er meint som eit svar på “Til jorden (med vennlig hilsen)” av Rolf Jacobsen, eit dikt eg likar særs godt.
No må eg berre passe på at Jostein aldri får sett denne artikkelen. Eg er redd han kjem og arresterar meg for rettskrivinga mi.
Toppbilete: Mariell Øyre, Firda Målungdom
Liknande artiklar
- Klimaproblemet summert opp i ei setning av VG - HumorMedia
- Nytt design - “Lampe” - Sidenyheiter
- Den siste månaden - Sidenyheiter
- Aasen-tunet med nye t-skjorter! - Nyheiter
- Googlande Brilleslange #7 - Biff - NyheiterWebcomic
Sunday 21. October 2007 klokka 23:38
Eg blir reint varm om hjarteroti!
Saturday 3. November 2007 klokka 4:16
Det vert eg óg, sanneleg!